Gå til toppen

Bilder på nett

Det er vanleg å leggje ut bilde på nett.

Men det finst reglar for kva bilde du kan leggje ut av andre.

Portrettbilde

  • Viss du legg ut eit portrettbilde av andre på bloggen, facebooksida, instagram eller ein annan stad på nettet, så må du ha godkjenning av den personen du har tatt bilde av.
  • Portrettbilde er eit bilde av ein eller fleire personar. Eit klassebilde er f.eks eit portrettbilde, sidan det er personane på bildet som er dei viktige.

 

Situasjonsbilde

  • Situasjonsbilde kan leggast ut utan å be om godkjenning. Situasjonsbilde er bilde der sjølve situasjonen eller aktiviteten er det viktige i bildet. Bilde frå 17. mai-toget er eit typisk situasjonsbilde. Akkurat kven som er med på bildet er då mindre viktig enn hovudinnhaldet i bildet.
  • Det er viktig å hugse på at dette berre gjeld viss bilda er harmlause for dei som er med i bakgrunnen.

Kva kan du gjere?

Det er viktig å vite at når du har fått godkjenning av personen på bildet, kan personen trekke tilbake godkjenninga når som helst. Då må du ta vekk bildet.

ill_caserSi ifrå!

Viss du finn eit bilde av deg på nettet som du ikkje likar, bør du ta kontakt med dei som har lagt det ut og be dei om å fjerne det.

Viss det ikkje hjelper, kan du ta kontakt med slettmeg.no. Slettmeg.no er ei teneste som hjelper deg å slette personleg informasjon på nettet.

Spreiing av bilde som krenkjer privatlivet, kan vere straffbart etter straffeloven § 267.