Gå til toppen

Rett til å bli høyrt når noko skal byggast

7Barn og unge har rett til å seie meninga si og bli høyrt i alt som handlar om dei. Det gjeld også i saker i lokalmiljøet når noko nytt skal byggast..

Alle kommunar i Noreg har plikt til å undersøke kva det betyr for barn og unge i området når det skal byggast noko nytt.

Det betyr at dei må høyre på barn og unge når dei for eksempel skal bygge

  • ein ny park
  • ein skole
  • eit sjukehus
  • eit bustadfelt
  • ein ny fabrikk

Eit eksempel:

Kommunen planlegg å sette opp eit nytt bygg på ein stad der barn leikar, eller ungdom likar å opphalde seg.

Kommunen må då sørge for at bygget blir sett opp ein annan stad viss det ikkje er heilt nødvendig at det står akkurat der.

ill_caserSi ifrå!

Viss du synest eit planlagt bygg ikkje passar inn, kan du ta kontakt med kommunen din.

Du kan spørre dei om de har snakka med barn og unge når dei har lagt planane for det nye bygget.

Les meir om korleis du kan ta opp saker i kommunen.

Du kan komme i kontakt med kommunen din ved å gå inn på heimesidene til kommunen.

 

Mange kommunar er flinke til å ta omsyn til barn og unge

Nokre kommunar brukar for eksempel eit dataprogram som heiter Barnetråkk.

ill_sporsmalHva er Barnetråkk?

Dataprogrammet Barnetråkk er eit kart der barn og unge kan legge inn informasjon om kor dei oppheld seg på heimstaden.

På den måten kan kommunen finne ut kor barn og unge er

  • om sommaren
  • om vinteren
  • om høsten
  • om våren

Det er lurt fordi det jo er slik at ein brukar ein akebakke berre om vinteren, mens ein bruker ein snarveg til skolen om våren eller hausten.

Ofte er det ikkje leikeplassen ein leikar på, men heller bak eit garasjeanlegg med fine klatretre.

Barnetråkkprogrammet gjer at dei som skal bygge lærer kor de kan bygge utan å øydelegge for barn.

Alle skolar kan være med å registrere barn sine rørsler i nærområdet. Du kan tipse læraren din om nettsida til Barnetråkk.

Nokre kommunar vel ein vaksen som skal snakke på vegner av barna. Det er bra, men ikkje alltid godt nok.

Barneombodet synest at barn og unge bør få seie meininga si sjølv når det skal byggast.

Det står at barn skal bli høyrt når det byggast noko nytt i Plan- og bygningsloven § 5-1