Gå til toppen

Sliten, stressa eller lei deg?

Nokre gonger kan livet være eit mas, med skole, lekser, foreldre, søsken, venner og fritidsaktivitetar.

Nokre opplever å bli stressa og sliten av alt som skal rekkast, og føler at dei ikkje strekk til på alle område. Når ein har det sånn, er det lett å bli lei seg.

Andre gonger kan ein være lei seg utan å skjønne kvifor.

Ein slik følelse vil kunne gå over av seg sjølv etter nokre dagar, mens andre gonger kan livet følast tungt over lengre tid.

ill_caserSei ifrå!

Viss du er sliten, stressa, lei deg, eller har det dårleg på andre måter, er det viktig at du seier frå.

Det er viktig at du får hjelp til å sortere det som følest vanskeleg i livet ditt.

Og det er viktig at du får hjelp til å få det betre.

Det kan vere lurt å snakke med ein vaksen du stolar på. Det kan for eksempel vere

  • foreldre
  • helsesjukepleiar
  • lærar
  • foreldre til venner

Viss du vil snakke med nokon du ikkje kjenner, kan du gå inn på denne sida: Noen å snakke med.