Gå til toppen

Kan du byte fastlege eller psykolog?

Byte fastlege

Når du er 16 år er du det som heiter helserettsleg myndig.

Det betyr at du kan bestemme i spørsmål som handlar om helsa di.

Når du er 16 år kan du f.eks. byte fastlege utan at foreldra dine treng vite det. Du kan ringe fastlegetelefonen. Du finn telefonnummeret på denne nettsida til helsenorge.no.

Psykolog

Det hender at nokre som går til psykolog ønskjer å byte til ein annan psykolog. Når du er 16 år kan du gjere det utan at foreldra dine treng å vite det.

Du kan spørje den psykologen du går hos om du kan få ein annan psykolog. Vi skjønar det dersom du synest det kan vere litt flaut. Samtidig bør psykologen din prøve å hjelpe deg med dette, for det er jo ikkje sånn at alle psykologar passar for alle barn og omvendt. Dei fleste psykologar bør forstå dette.

Sjølv om psykologen din vil hjelpe deg med å finne ein ny psykolog er det likevel ikkje sikkert det lèt seg gjere. Dette kan det vere mange grunnar til.

Du har rett til å byte psykolog, men du har ikkje krav på ein ny psykolog dersom du ønskjer det. Det er fordi det ikkje er sikkert at det er nokon annan psykolog som kan hjelpe deg der og då.