Gå til toppen

Kven kan hjelpe deg?

Kven som kan hjelpe deg er litt avhengig av kva slags helsehjelp du treng.

Alle har en fastlege. Fastlegen din er ofte same lege som mora eller faren din har.

Vanlegvis går det greitt å bestille time sjølv, men foreldra dine skal ha informasjon når du er under 16 år.

Fastlegen skal følgje opp helsa di.

Han eller ho kan undersøkje deg, gi deg behandling eller sende deg til ein spesialist dersom du treng det.

Kva du kan bestemme om di eiga helse kan du lese om her.

Helsesjukepleiar (tidligare helsesøster)

Helsesjukepleiaren er ein del av skulehelsetenesta.

På alle skoler skal det være ei skolehelseteneste.

I skolehelsetenesta bør det i hvert fall være helsesjukepleiar.

Du kan gå til denne personen når du er på skolen.

Helsesjukepleiaren kan gje deg råd om di helse og om andre ting som handler om kolreis du har det.

Ho eller han kan hjelpe deg, eller fortelje deg kven du bør ta kontakt med. Ofte kan helsesjukepleiaren ta kontakt med de som kan hjelpe deg.

Ler mer om helsesjukepleiar og skolehelsetenesta her.

ill_sporsmalSkolehelsetenesta skal vere det vi kallar eit lavterskeltilbud.

Det betyr at:

  • det skal være lett å stikke innom
  • du skal slippe å bestille time
  • du skal sleppe å måtte venta på å få snakke med nokon som jobbar der

Helsestasjon for ungdom

I nokre kommunar finst det ein eigen helsestasjon for ungdom.

Her jobbar det helsesjukepleiar, og nokon gonger lege og psykolog.

Du kan sjekke nettsida til kommunen du bor i for å finne ut om det er ein slik helsestasjon der.

Psykolog

Ein psykolog er ikkje ein lege, men ein person som kan hjelpe deg dersom du har vonde tankar, kjensler eller opplevingar.

Nokre kommunar har tilsett ein eigen psykolog som skal hjelpe barn og unge som har det vanskeleg.

Men ofte er det sånn at psykologhjelpa finst i BUP, og då er den fastlegen din som sørgjer for at du får time der.

ill_sporsmalKva er BUP?

BUP står for Barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikk.

Dei som jobbar på BUP kan hjelpe barn under 18 år som har problem med kjenslene sine.

Hos BUP kan du snakke om alt som er vanskeleg. For eksempel mobbing, einsemd og konfliktar.