Gå til toppen

Kven kan du klage til?

Rett til god helsehjelpill_rettighet

Viss du er misnøgd med den helsehjelpa du har fått, kan du klage.

Du kan for eksempel klage viss:

  • du meiner du ikkje får den hjelpa du har bedt om
  • du meiner at ein lege, ein psykolog, ein helsesjukepleiar eller anna helsepersonell har brote teieplikta

ill_caserVil du klage på helsehjelpa i kommunen?

Kommunane organiserar helsehjelpa på forskjellig måte. Derfor er det ikkje alltid lett å vite kor du skal sende klagen din. Viss du treng hjelp til å klage på for eksempel fastlegen eller helsestasjonen, kan du kontakte pasientombodet i ditt fylke.

ill_caserVil du klage på spesialhelsetenesta?

Viss du vil klage på for eksempel behandlinga på eit sjukehus, sender du klagen til leiinga på sjukehuset.

Viss leiinga ikkje synest du har grunn til å klage, kan du klage videre til Fylkesmannen.

Du kan få klagehjelp frå pasientombodet i ditt fylke.

I pasient- og brukerrettigheitsloven står det meir om korleis ein kan klage, og kva som skjer etter at ein har klaga.