Gå til toppen

Overgrep blant venner eller kjærastar

Kva er eit seksuelt overgrep?

Det er et overgrep viss du opplever at ein venn eller kjærast gjer noko seksuelt med deg som du ikkje har lyst til å være med på.

Om nokon gjer noko med deg som du ikkje kan seie ja eller nei til fordi du søv eller er rusa, så er dette eit overgrep.

Eit overgrep kan være å bli tvungen til å ha sex sjølv om du ikkje har lyst.

Å bli tatt på og tukla med mot din vilje er også eit overgrep.

Sex skal være frivillig

Det er ikkje alltid så lett å seie eit tydeleg nei. Nokon opplever derfor at dei blir med på noko som dei eigentleg ikkje hadde lyst til.

Det som skjedde kan i ettertid opplevast som eit overgrep, og kanskje burde den du var saman med også skjønt at han eller ho gjekk for langt.

Det kan være eit overgrep sjølv om han eller ho ikkje meinte det på den måten.

ill_rettighetDu bestemmer over din eigen kropp

Alle seksuelle handlingar skal være frivillige og være noko du sjølv har lyst til.

Det er berre du som bestemmer over kroppen din.

Ingen skal gjere noko med deg som du ikkje sjølv har lyst til.

 

 

ill_caserSei i frå!

Om du lurar på om du har blitt utsett for eit overgrep, eller treng du å snakke med nokon om dette, kan du få hjelp her.

 

 

Barn sin rett til vern mot seksuelle overgrep:

Barnekonvensjonens artikkel 19Barnekonvensjonens artikkel 19

Lenke til straffelovenLenke til straffeloven