Gå til toppen

Når kan du som ungdom bli straffa?

Du har sikkert opplevd at foreldra dine har reagert dersom du har gjort noko gale, og at det har kjenst som ei straff.

Når vi brukar ordet straff på desse sidene, meiner vi ein reaksjon ein har fått fra myndigheitene fordi ein har brote lova.

I Noreg kan ein bare bli straffa av myndigheitene viss ein er over 15 år.

ill_sporsmalKva skal til for at du kan bli dømd til straff?

Desse punkta må være oppfylt før Domstolen kan gi deg straff:

1. Det må stå i lova at det du har gjort kan føre til straff.

2. Det må ikke være nødverje eller nødrett:

Nødverje betyr at du gjer noko for å redde deg sjølv eller andre frå eit angrep. For eksempel at du slår viss du blir overfallen på gata.

Nødrett betyr at du bryta lova for å redde deg eller andre som er i fare, for eksempel dersom du bryt deg inn i ei hytte viss du har gått deg vill på fjellet.

Det betyr at sjølv om du har brote lova, kan du ikkje straffast viss nødverje eller nødrett var grunnen til at du gjorde det.

3. Du må være tilrekneleg:

Du må ha vært tilrekneleg då du braut lova. Litt enkelt sagt betyr det at du må ha forstått kva du gjorde.

Du er ikkje tilregnelig hvis du er:

  • under 15 år
  • psykotisk (det vil seie at du ikkje har riktig oppfatning av verkelegheita, for eksempel at du høyrer stemmer i hovudet)
  • sterkt psykisk utviklingshemma
  • bevisstlaus, så lenge du ikkje sjølv har rusa deg

4. Du må ha gjort handlinga med forsett.

Det betyr at du har gjort det med vilje.

Nokre gonger kan du også bli straffa viss du har vore aktlaus. Det vil seie at du har vore uforsiktig og ikkje handla som du burde.

Viss du er over 15 år kan du få ulike former for straff. Les meir her.

Er du under 15 år og har gjort noko gale? Les her.

Meininga med straffa er at du skal gjere opp for deg, og forstå kva gale du har gjort, slik at du ikkje gjer nye lovbrot.

Barn skal aldri få ei straff som øydeleggjer dei, eller som trakkar dei ned på nokon måte.

I barnekonvensjonen artikkel 37 står det at barn ikkje skal straffast på ein måte som skader dei.

barnekonvensjonen artikkel 40 står det at alle barn har rett til ei rettferdig behandling viss dei har brote lova.