Gå til toppen

Foreldre i fengsel

Dersom ein gjer noko galt og bryt loven, kan ein kome i fengsel.

Kvart år opplever mellom 6000 til 9000 barn at anten mora eller faren deira har kome i fengsel. I tillegg har mange sysken eller andre familiemedlemer i fengsel.

Korleis er det i fengsel?

Eit fengsel betyr at du må bu ein stad som er låst og du kan ikkje sjølv bestemme kor du vil gå eller heilt kva du skal gjere.

Nokre fengsel i Noreg har høge murar og det er veldig strengt, mens andre stader er det mykje meir fridom.

ill_rettighetKan ein besøke mora eller faren sin i fengsel?

Ja, som regel kan du det. Men du må gå saman med ein vaksen. Det må bestillast time på førehand.

Du kan ha rett til fleire besøk enn det reglane seier. Og nokre gonger får foreldre besøke barna utanfor fengselet oftare.

Fengselet skal ha leiker og hyggjelege møblar og gjere det best mogeleg for barn å kome på besøk.

Det kan tenkjast at dei vaksne bestemmer at det ikkje er det beste for deg å besøke mora eller faren din i fengsel.

Sjølv om dei kan bestemme det, skal du få moglegheit til å seie kva du meiner.

Kan eg fortelje til andre at mora eller faren min er i fengsel?

Det er opp til deg og familien din. Nokon liker å dele det dei tenkjer på med mange, mens andre synest det kan vere vanskeleg.

Kva som er best for deg, er det berre du som veit. Men det er ofte lurt å dele vanskelege ting med andre.

Det er likevel viktig å hugse på at det ikkje er feilen din at mora eller faren din er i fengsel. Og det betyr ikkje at det er noko galt med familien din.

ill_caserKven kan eg snakke med?

Nokre gonger kan det vere fint å snakke med nokon som veit mykje om korleis det er i fengsel.

Det kan også vere fint å treffe andre barn som har opplevt det same.

Då kan du ta kontakt med FFP Ung (For fangers pårørende). Kirkens

Kirkens Bymisjon har òg ein chattetjeneste for barn med foreldre i fengel. Den finn du på på ifengsel.no Der kan du snakka om kva du vil, heilt anonymt.

I straffegjennomføringsloven og forskrift til straffegjennomføringsloven står reglane for kontakt mellom barn og foreldre som er i fengsel.