Gå til toppen

Fritak frå opplæring

ill_rettighetRett til fritak

Fritak betyr at du ikkje deltar i enkelte delar av undervisninga.

Du kan få fritak frå dei delane av undervisninga som du opplever som støytande eller krenkande ut frå din religion eller ditt livssyn.

Du kan også få fritak viss undervisninga er utøving av ein annan religion. Viss du for eksempel er muslim eller ikkje-religiøs kan du få fritak frå skolegudstenester.

 

ill_caserSi ifrå!

Viss du vil be om fritak må du levere ein skriftleg melding til skolen. Du treng ikkje skrive kvifor du opplever undervisninga som støytande eller krenkande.

Viss skolen ikkje aksepterer meldinga om fritak, skal de gi deg ein skriftlig grunn for det.

Det er satt nokre mål for kva alle skal kunne i kvart fag. Skolen kan ikkje gi deg fritak viss dei trur at det fører til at du ikkje når måla dine.

 

ill_rettighetFritak frå delar av KRLE-faget

KRLE står for kristendom, religion, livssyn og etikk, og er et obligatorisk fag i skolen. Det betyr at alle må ha faget.

Sjølv om KRLE-faget er obligatorisk, kan foreldra dine gi melding om at du skal få fritak frå delar av undervisninga i KRLE-faget.

Du kan ikke få fritak frå å få den same kunnskapen som dei andre elevane i dei ulike emna i KRLE-faget.

Viss du blir fritatt frå delar av undervisninga i KRLE-faget, har du krav på anna opplæring som er tilpassa deg og dei faga du har i den tida du er fritatt.

Når du er 15 år, kan du sjølv be om eit slikt fritak.

I Opplæringsloven § 2-3a står det meir om fritak frå opplæringa.