Gå til toppen

Kollektiv straff

ill_sporsmalKva er kollektiv straff?

Viss for eksempel ein skule straffar fleire elevar enn dei som har gjort noko gale, blir det kalla kollektiv straff.

Det er eit viktig prinsipp i norsk rett at straff berre skal ramme den som har gjort noe gale.

Ingen skal straffast for noko andre har gjort.

Dei som bestemmer i Noreg har derfor sagt at det ikkje er lov med denne typen straff.

ill_caserVil du klage?

Viss skulen din brukar kollektiv straff mot deg, kan du klage. Da kan du skrive til rektor om kva som har skjedd.

Skolen har rett til å lage reglar som skal løyse problem med dårleg oppførsel.

For å forklare forskjellen vil vi gi eit eksempel:

Dette er lov:

Elevar fra 9. trinn gjer hærverk i kantina på skulen. For å løyse dette, bestemmer skulen at kantinen kun skal være open i storefri.

Det er eit ordenstiltak som er lov.

Dette er ikkje lov:

Elever fra 9. trinn gjer hærverk i kantina. Skolen bestemmer at ingen elever på 9. trinn får lov å bruke kantina, mens kantina er open for alle andre.

Det er ei kollektiv straff som rammar uskuldige elevar på 9. trinn, og er ikkje lov.