Gå til toppen

Kven bestemmer kva?

ill_sporsmalViss du ikkje bur saman med begge foreldra dine, er det likevel sånn at begge foreldra som oftast har det som vi kallar foreldreansvar.

Nokre barn bur fast hos ein forelder og har samvær med den andre, mens andre barn bur like mykje hos begge.

Viss du bur fast hos begge foreldra dine, bestemmer dei like mykje, og skal bli einige om ting som gjeld deg.

Viss du bur fast hos berre den eine av foreldra dine, kan den forelderen bestemme litt meir, som kor i landet du skal bu, og kva faste fritidsaktivitetar du kan ha.

Kva bestemmer den av foreldra du er saman med?

Vanlege ting i kvardagen, som for eksempel kven du kan vere saman med, når du må vere inne på kvelden og når du må legge deg, har den av foreldra du er hos ansvaret for.

Viss foreldra dine har veldig forskjellige reglar, og dei tenkjer at det ikkje er bra for deg at det er slik, kan dei få hjelp til å finne ut av det på familievernkontoret.

Lenke til side om familievern

Begge bestemmer når store avgjersler skal takast

Når begge har foreldreansvar for deg, skal begge vere med på å bestemme litt større ting i livet ditt. Slik som til dømes:

  • om du kan flytte til utlandet
  • valg av type skole (annen enn offentlig skole)
  • om du skal få pass
  • om du kan skifte navn
  • innmelding i trossamfunn

Reglane om kven som bestemmer kva når foreldre ikkje bur saman, står i barnelova § 30, § 36 og § 37.