Familie og hjemme

Hjemmet ditt skal være et trygt og godt sted å være. Det er foreldrene dine, eller andre foresatte, som har ansvaret for dette.

Å ha det trygt og godt hjemme

Foreldrene dine har ansvar for deg frem til du fyller 18 år. Dette ansvaret kalles foreldreansvar. Foreldreansvaret betyr at foreldrene dine skal ta vare på deg, gi deg råd og ta avgjørelser for deg når det er nødvendig.

Foreldrene dine skal ta vare på deg

At foreldrene dine skal ta vare på deg, betyr blant annet at de må passe på deg og gi deg omsorg på en måte som gjør at du har det bra og som gir deg trygghet. De må også sørge for at du for eksempel har mat, klær og et sted å bo.

Foreldrene dine gir råd og tar nødvendige avgjørelser for deg

En del av foreldrenes ansvar for å ta vare på deg, er å ta nødvendige avgjørelser for deg. Før foreldrene dine bestemmer noe over eller for deg, skal de høre på deg og dine meninger.

Samtidig skal foreldrene dine hjelpe deg til å bli mer og mer selvstendig slik at du kan ta flere avgjørelser selv etter hvert som du blir eldre. Men frem til du har fylt 18 år, er det til syvende og sist foreldrene dine som har siste ordet.

Hva kan foreldrene dine ikke gjøre?

Foreldrene dine kan ikke gjøre noe mot deg som skader deg fysisk. Det betyr blant annet at de ikke har lov til å slå deg, eller gjøre noe med kroppen din som du ikke vil.

Foreldrene dine skal heller ikke gjøre noe mot deg som kan skade deg psykisk. Det betyr at du ikke skal bli behandlet på en måte som gjør at du får vondt inni deg eller blir redd. Det kan for eksempel være å skremme, true eller si slemme ting til deg.

Om du vil vite mer eller trenger hjelp, les mer om dette på vår side om vold.

Trenger du hjelp?

Ingen barn skal oppleve vold eller overgrep. Om du blir slått, skadet eller utsatt for noen form for overgrep eller krenkelser, er det viktig at du får hjelp. Det samme gjelder om du ikke har det bra hjemme.

Du kan snakke med en voksen du stoler på, for eksempel noen i familien din eller en helsesykepleier på skolen. Du kan også ringe Alarmtelefonen på 116 111 eller kontakte politiet på 02800.

Hvem bestemmer hva hjemme?

Frem til du er 18 år, er det foreldrene dine som tar avgjørelser for deg. Men uansett hva foreldrene dine bestemmer, skal de tenke på hva som er det beste for deg og høre på din mening.

Du har rett til å bli hørt

Når foreldrene dine tar avgjørelser for deg, har du rett til å bli hørt. Det betyr at før foreldrene dine bestemmer seg, skal de snakke med deg og høre på hva du tenker og mener. Jo eldre du blir, jo mer skal meningene dine telle, og jo mer skal foreldrene dine la deg bestemme selv.

Blir dere ikke enige, er det likevel slik at foreldrene dine bestemmer til slutt.

Vi vet at det er mange ting foreldre og barn er uenige om. Dette kan for eksempel være fritidsaktiviteter, sosiale medier, husarbeid, middag, ute- og innetider og så videre. Hvis dere er uenige om slike ting, oppfordrer vi til at dere snakker godt sammen. Det er lurt å fortelle foreldrene dine hvorfor du er uenig med dem, og spørre hvorfor de mener det de gjør.

Privatliv i familien

Alle barn og unge har rett til privatliv. Det gjeld også der du bur. Det betyr at det er du som bestemmer kor mykje privat informasjon du vil dele med foreldra dine. Du har rett til å ha hemmelegheiter og snakke med vennane dine utan at dei blander seg inn. Foreldra dine kan derfor ikkje utan vidare sjekke mobilen din eller snoke i tinga dine.

Samtidig har foreldra dine ansvar for å passe på deg frem til du er 18 år. Viss foreldra dine har grunn til å tru at du kan komme i situasjonar som er skadelege eller farlege for deg, er det deira ansvar å gjere det dei kan for at det ikkje skal skje. Då kan dei også ha lov til å sjekke mobilen eller tinga dine. Men foreldra dine kan ikkje snoke i tinga dine berre fordi dei er nysgjerrige.

Det kan vere lurt å snakke ope og ærleg med foreldra dine om kva du gjer og kven du er samen med, slik at dei ikkje treng å bekymre seg utan grunn.

Om foreldra dine sjekkar mobilen eller tinga dine utan at du vil det, kan det vere lurt å snakke med dei om dette, og spørje om kva som er grunnen. Då kan de saman prøve å finne gode løysingar.

Kan du flytte for deg sjølv?

Om du skal flytte heimefrå før du er 18 år, må foreldra dine vere einige i det.

Viss foreldra dine synest det er greitt at du flyttar for deg sjølv før du er 18 år, til dømes fordi du skal begynne på vidaregåande skule, har dei plikt til å forsørgje deg til du er ferdig på vidaregåande.

Det betyr blant anna at dei må hjelpe deg slik at du har pengar til mat, husleige og andre ting du treng i kvardagen. Dei må og skrive under på leigekontrakten om du skal leige ein plass å bu.

Om du flyttar heimefrå for å gå på skule, kan du i nokre tilfelle søke om stipend hos lånekassa. Lånekassa gir lån og stipend til personar som går på skule eller studerer på eit universitet.

Om du ønskjer å flytte heimefrå fordi du har det vanskeleg heime og meiner at du ikkje kan bu der, kan du kontakte barnevernvakten. Då vil barnevernet finne ut om du framleis kan bu heime, eller om det er andre måtar å hjelpe deg på.

Når foreldre flyttar frå kvarandre

Kven bestemmer kor du skal bu?

Viss foreldra dine har bestemt seg for å flytte frå kvarandre, må dei bli einige om kor du skal bu fast, og kor mykje du skal vere saman med kvar av foreldra dine. Mange barn blir buande fast hos den eine av foreldra, mens andre bur fast hos begge.

Foreldra dine skal tenke på kva som vil vere best for deg

For at foreldra dine skal finne ut kva som er best for deg, må dei også høyre kva du meiner og tenker. Det betyr ikkje at du må ha ei klar meining om kor du vil bu. Det kan for eksempel vere nok at du fortel om kva du syns er viktig for deg framover.

Jo eldre du er, jo større vekt skal foreldra dine legge på dine meiningar. Det er likevel foreldra dine som har ansvar for å bestemme til slutt.

Hjelp på familievernkontoret

Det finst reglar og ordningar som er til for å hjelpe deg og foreldra dine til å finne dei løysingane som vil vere best for deg. På familievernkontoret får foreldra dine hjelp til å avtale kor du skal bu fast, og kor ofte du skal vere saman med kvar av foreldra dine.

Viss du er under 16 år, må foreldra dine møte på familievernkontoret når dei skal flytte frå kvarandre. Dette gjeld også om foreldra dine kanskje er einige om det meste.

Familievernkontoret skal også minne foreldra dine på at du har rett til å bli høyrt. Viss du vil, og foreldra dine synest det er greitt, kan du vere med til familievernkontoret. Der kan du også snakke med nokon utan at foreldra dine er tilstades.

Kva skjer i domstolen?

Viss foreldra dine ikkje klarar å bli einige på familievernkontoret, kan dei gå til domstolen. Ofte seier ein då at ein skal i retten.

  • Domstolen vil først prøve å få foreldra dine til å bli einige om den løysinga som er best for deg. Dommaren skal også finne ut kva du tenker og meiner, ved å sjølv snakke med deg, eller få hjelp av ein annan person til dette.
  • Viss dommaren ikkje klarer å få foreldra dine til å bli einige, blir det ei vanleg rettsak. Då er det dommaren som bestemmer kor du skal bu og kor mykje du skal vere hos kvar av dei. Dommaren skal bestemme dette ut frå kva han meiner vil vere best for deg
  • Du har også rett til å seie meininga di før dommaren bestemmer seg, og dommaren skal leggje vekt på dette. Det er likevel ikkje sikkert løysinga blir som du vil. Det er fordi det er mange ting dommaren må vurdere når han skal finne ut kva som er best for deg. Men du skal få vite kvifor dommaren har bestemt det han har gjort, og korleis han har tatt omsyn til dine ønskjer.

Kva om du ikkje er fornøgd med kor du bur

Det er foreldra dine sitt ansvar å passe på at dei har ein avtale som er god for deg.

Dine behov og ønskjer kan likevel vere annleis enn det foreldra dine trur. Nokre gonger er det også behov for å forandre på ein avtale. Det som for eksempel var bra for deg då du var 10 år, fungerer kanskje ikkje like godt når du er 12 år.

Avtalar om kven av foreldra dine du skal bu hos og kor mye du skal vere hos kvar av dei kan forandrast, men då må begge foreldra dine være einige i det.

Viss du ikkje er fornøgd med avtalen dei har laga, er det derfor viktig at du seier ifrå til foreldra dine om dette. Snakk om korleis du har det, kva du tenkjer og kva du ønskjer deg. Foreldra dine skal høyre på kva du meiner og tenker, og leggje vekt på meiningane dine.

Kva viss foreldra dine ikkje vil ha forandringar?

Nokre gonger klarar ikkje foreldre å bli einige om ein ny avtale. Det kan vere at ingen av dei vil, eller at berre ein av dei vil endre avtalen.

I slike situasjonar kan dei få hjelp på familievernkontoret. Du kan også vere med, eller få eit eige møte der viss du har lyst, og foreldra dine synest det er greitt.

Kven bestemmer kva i livet ditt når foreldre ikkje bur saman

Viss du ikkje bur saman med begge foreldra dine, er det eigne reglar for kven av dei som bestemmer kva i livet ditt.

Begge bestemmer når store avgjerder skal takast

Sjølv om foreldra dine ikkje bur saman, er det likevel sånn at begge foreldra som oftast har det vi kallar foreldreansvar.

Når begge har foreldreansvar for deg, skal begge vere med på å bestemme litt større ting i livet ditt. Slikt som for eksempel

  • om du kan flytte til utlandet
  • kva type skule du skal gå på (anna enn offentleg skule)
  • om du skal få eit pass
  • om du kan skifte namn
  • innmelding i trussamfunn

Kva bestemmer den av foreldra du bur fast hos?

Viss du bur fast hos begge foreldra dine, bestemmer dei like mykje, og skal bli einige om ting som gjeld deg.

Viss du bur fast hos berre den eine av foreldra dine, kan den forelderen bestemme litt meir enn den andre. Det kan for eksempel vere kor i landet du skal bu, og kva faste fritidsaktivitetar du kan ha.

Kva bestemmer den av foreldra du er saman med?

Den forelderen du er saman med kan bestemme vanlege ting i kvardagen. Det kan for eksempel vere kven du kan vere saman med, når du må vere inne på kvelden og når du må legge deg.

Viss foreldra dine har veldig forskjellige reglar, og du synes at dette er vanskeleg, kan dei få hjelp til å finne ut av det på familievernkontoret.

Fann du ikkje det du lette etter?

Ta gjerne ein titt på ung.no viss du ikkje fann det du lette etter.
Send oss gjerne ei tilbakemelding viss det er noko du synst vi kan gjera betre.
Ta kontakt med oss på post@barneombudet.no eller på kontakt-sida vår.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev