Gå til toppen

Ta opp saker i kommunen

I kommunen der du bur er det kommunestyret som bestemmer korleis pengane i kommunen skal brukast. Politikarane som sit i kommunestyret skal jobbe for at innbyggarane har det bra.

Dersom det er noe du ønskjer deg der du bur, som ny idrettshall, fritidsklubb, kulturskule eller noko anna, så kan du ta kontakt med kommunen og forsøke å overbevise dem om å gjere noko med det.

ill_caserSei i frå!

Det finst fleire måtar å seie i frå på:

  • Ta kontakt med ordføreren og politikarane. Fortel dei kvifor idéen din er god og kvifor det vil være positivt for barn og unge i kommunen. Du kan ringe eller sende ein e-post.
  • Ta kontakt med rådmannen. Rådmannen er sjefen for alle som jobbar på rådhuset. Du kan ringe eller sende ein e-post. Dei som jobbar på rådhuset skal eigentleg gjere det politikarane seier, men dei kan også seie kva som er viktig til politikarane når dei treffer dei.
  • Sjekk om kommunen din har eit ungdomsråd eller eit barn- og unges kommunestyre.

ung.no finn du oversikt over ungdomsråda.

Viss det ikke finst eit ungdomsråd i din kommune, kan du ta kontakt med elevrådet på skulen din. Dei kan også hjelpe til med å legge frem ei sak for kommunestyret.

 

ill_rettighetDu har rett til å starte ein underskriftskampanje

Viss du samlar mange underskrifter for å støtte  ei spesiell sak, blir det kalla ein underskriftskampanje.

Viss du samlar nok underskrifter må kommunepolitikerne eller fylkeskommunen vurdere saka di.

Då blir det kalla eit innbyggerintiativ.

For at kommunen skal ta opp saka i kommunestyret treng du underskrifter frå to prosent av innbyggarane eller 300 personar i kommunen.

Du kan lage ein underskriftskampanje på minsak.no.