Gå til toppen

Starte eit prosjekt

Prosjektarbeid er ein fin måte å delta på.

Det er ikkje alle som vil sitte i ungdomsråd, eller som vil bli med i ein organisasjon.

Nokon vil utrykke seg gjennom å arrangere ein konsert, lage ein film eller noko heilt anna. Det er også å delta, og like viktig.

Prosjektarbeid kan være både moro, inspirerande og lærerikt. Alle kan lage eit prosjekt.

Før de går i gang kan det være lurt å tenke gjennom nokre ting, som kven som skal gjere kva og kor lenge prosjektet skal vare.

Det er vanleg å dele eit prosjekt inn i 5 fasar:

1. Idefasen

Når ideen modnast og prosjektet begynner å ta form i hovudet.

2. Førebuingsfasen

Når prosjektet er planlagt og de må gjere det som skal til for å gjennomføre prosjektet.

3. Gjennomføringsfasen

De er i gang, alle har roller og alle jobbar saman.

4. Evalueringsfasen

Det er lurt å komme saman og sjå kva som fungerte i prosjektet og kva som ikkje gjekk så bra. Ein lærer nemleg av feil også.

5. Vegen vidare

Kva skjer vidare? Har de fått idear til vidareføring, nye prosjekt, eller kanskje de burde lage ein organisasjon?

Det kan være mogleg å søke om pengar til det de vil gjere. Då er det lurt å ha tenkt gjennom og skrive ned noko om dei fem fasane.

Dei de søker pengar hos vil nemleg gjerne vite hva de har tenkt å gjere og korleis de skal gjere det.

Treng de pengar til prosjektet?

Frifond.no kan de søke om inntil 35 000 kr til prosjektet.

Søknaden leverer de på nettet og de får raskt svar.

Aktiv ungdom kan ein også søke om penger til prosjektar.

Aktiv ungdom er eit EU-program som blant anna gir norske prosjekt moglegheit til å søke penger innanfor eit program som heiter ungdomsinitiativ.

Det finst også ei rekke andre fond og stiftingar som ofte støttar lokale prosjekt.

Prosjekt kan gjerast på mange måtar. På skolen, på fritidsklubben, eller kanskje de kan gjere eit prosjekt for kommunen der de bur?

Les meir om å ta opp ei sak i kommunen her.