Gå til toppen

Rett til å danne egen organisasjon

ill_sporsmalKva er ein organisasjon?

Ein organisasjon er to eller flere menneske (oftast mange fleire), som arbeidar saman for å få til noko som er viktig for dei.

I ein organisasjon er det medlemmene som bestemmer kven som skal gjere kva og når.

Vanlegvis bestemmer organisasjonen dette på eit møte der alle samlast ein gang i året. Det blir ofte kalla ei generalforsamling.

Oversikt over organisasjonar

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsomsorganisasjonar (LNU) har oversikt over mange organisasjonar for barn og ungdom i Noreg.

På LNUs nettside kan du sjekke om det allerede finst ein organisasjon som jobbar med det du engasjerar deg for.

ill_rettighetDu har rett til å starte din eigen organisasjon

Viss du vil starte ein organisasjon, er det lurt å følgje denne oppskrifta:

  • Snakk med en vaksen som kan hjelpe deg med godkjenningar som trengst.
  • Ha eit oppstartsmøte der alle som er interessert i å vere med i organisasjonen får høve til å komme.
  • Finn eit navn på organisasjonen.
  • Skriv ned nokre setningar om kva de vil drive med og kva målet med organisasjonen er.
  • Lag vedtekter (reglar) for kven som kan vere medlem, korleis styret blir valt og kva organisasjonen skal arbeide med.
  • Fyll inn skjemaet for organisasjonar i Brønnøysundregisteret. Når dei har behandla søknaden, får organisasjonen eit organisasjonsnummer.
  • Opprett ein bankkonto for organisasjonen.
  • Lag eit medlemsregister over medlemmane og en plan for kven som skal vere ansvarlig for kva.

Tips til nye organisasjonar

LNUs nettsider finn du også gode tips til nye organisasjonar.

Du kan også lese meir om korleis du kan starte ein organisasjon på nettsidene til Barne- og ungdomsorganisasjonene i Oslo (BURO).

Alle barn har rett til å vere med i organisasjonar: Barnekonvensjonen artikkel 15