Gå til toppen

Artikkel 30 – Om minoritetar og urfolk

«Barn som tilhører ein minoritet eller eit urfolk, har rett til å bruke sitt eige språk og kultur og praktisere sin religion.»

Kva betyr det?

Viss du tilhøyrer ein minoritet eller eit urfolk, har du rett til å bevare kulturen din. Du har rett til å praktisere religionen din, til å lære deg språket ditt, og til å bruke det.

Staten har plikt til å respektere alle kulturar, språk og religionar.

Her er ein videoversjon av artikkel 30: