Barnekonvensjonen

Barnekonvensjonen er ein avtale mellom nesten alle land i verda. Der står det om korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har skrevet under barnekonvensjonen, og gjort den til norsk lov.

Barnekonvensjonen gir barn eigne rettar, for eksempel rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rett er at barn skal bli høyrt i saker som handlar om dei.

Kva betyr dette?

Det er dei som bestemmer i Noreg som skal passe på at barnerettane blir oppfylt. Dette betyr at dei som bestemmer i Noreg, skal passe på at alle følgjer det konvensjonen seier.

Under kan du klikke på artiklane og sjå ein kortversjon av dei. Du finn også ei kort forklaring til kvar artikkel.

Barneombudet: jente i lekestativ opp ned

Barnekonvensjonen - enkel versjon

  • Artikkel 1 – Barnealderen Les mer+ Lukk-

    «Alle under 18 år er barn, dersom ikkje ein tidlegare alder er lovfesta av staten.»

    Kva betyr dette?

    Barnekonvensjonen inneheld dei rettane du har, frå den dagen du er fødd til du er 18 år. Den beskriv rettane dine til å delta og seie di meining og til å bli verna på ulike måtar.

  • Artikkel 2 – Ikkje-diskriminering Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til vern mot diskriminering.»

    Kva betyr dette?

    Det spelar inga rolle kor du kjem frå, kva hudfarge du har, kven du forelskar deg i, om du er funksjonshemma, kva kjønn du er, eller kva du trur på. Ingen har rett til å gjere forskjell på deg og andre. Ingen skal utsetje deg for anleis eller urettferdig behandling fordi du er den du er.

  • Artikkel 3 – Barnets beste Les mer+ Lukk-

    «Vaksne skal gjere det som er best for barn.»

    Kva betyr dette?

    Når vaksne skal bestemme noko som har med deg som barn å gjere, så skal dei tenkje på kva som er best for deg. Dette gjeld òg når vaksne bestemmer noko som gjeld alle barn i Noreg, eller ei gruppe barn, f.eks i kommunen du bur i.

    Av og til kan vaksne bestemme noko anna enn det som er best for barn, men då skal dei ha veldig gode grunnar for det.

  • Artikkel 4 – Kven har ansvaret Les mer+ Lukk-

    «Det er staten som har ansvaret for desse rettane.»

    Kva betyr det?

    Dei som bestemmer i kommunen der du bur, eller dei som bestemmer her i landet, har ansvar for at du får oppfylt rettane dine. Dei må være sikre på at dine og andre barn sine rettar blir varetatt når dei bestemmer.

  • Artikkel 5 – Foreldrerettleiing Les mer+ Lukk-

    «Foreldre har rett til å gi barna dei råda dei meiner dei treng.»

    Kva betyr dette?

    Oppgåva til foreldra, er nettopp å vere foreldre. Dei skal hjelpe deg, gi deg råd på vegen, og støtte deg til å finne ut av livet ditt. Det er deira plikt som foreldre å ta vare på deg på best mogleg måte. Dei skal passe på at du faktisk får dei rettane du har krav på. Det er foreldra dine som kjenner deg best, og det skal andre vaksne respektere.

    Sjølv om barn ikkje alltid liker det foreldra gir råd om, eller det dei bestemmer, så har foreldre som oppgåve å gjere det dei meiner er best for barn.

  • Artikkel 6 – Retten til liv Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til eit liv og ei framtid.»

    Kva betyr dette?

    Ditt liv er viktig. Du skal få ha dei beste moglegheitene til å vakse opp og få eit fint liv. Er det ting i kvardagen din som er vanskeleg, har du rett til å få hjelp slik at livet kan bli bra igjen.

  • Artikkel 7 – Retten til namn og nasjonalitet Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til eit namn og til å kjenne foreldra sine og få omsorg frå dei.»

    Kva betyr dette?

    Barn bur i mange ulike familiar. Foreldre kan vere mor og far, mor og mor, far og far eller til dømes fosterforeldre. Likevel har alle ein biologisk mor og far. Biologisk betyr at det er dei som har laga akkurat deg. Du har rett til å vite kven dei er.

  • Artikkel 8 – Om identitet Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å ha eigen identitet.»

    Kva betyr dette?

    Identitet er det som gjer deg til den du er. Kven familien din er, kva bakgrunnen din er, kva du tenkjer, føler og interesserer deg for og korleis du ser ut – alt dette er et puslespel som til saman blir deg. Du skal ikkje behøve å endre deg eller gjere deg til nokon annan enn den du er.

    Du har rett til å være akkurat den du er.

  • Artikkel 9 – Om retten til å bu med foreldra Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å bu saman med foreldra sine med mindre det ikkje er bra for dei.»


    Kva betyr dette?
    Dessverre er det slik at ikkje alle foreldre klarer å ta godt nok vare på barna sine. Då kan det vere at ein har godt av å bu borte frå dei for å få det betre sjølv. I dei aller fleste tilfella har barn det best saman med foreldra sine. Viss det er vanskeleg, kan barnevernet hjelpe.

    I nokre tilfelle kan staten likevel splitte ein familie. Til dømes når ein av foreldra må i fengsel, eller når dei ikkje får lov til å bu her i landet.

  • Artikkel 10 – Om familiegjenforeining Les mer+ Lukk-

    «Viss barn og foreldre bur i forskjellige land, så har dei rett til kontakt og kan søkje om å bu saman.»

    Kva betyr dette?

    Landet vårt er samansett av mange forskjellige menneske. Her bur det folk som har budd i Noreg i mange generasjonar. Nokre har valt å flytte hit, og nokre har måtta flykte til Noreg fordi dei ikkje er trygge i landet dei er frå. Det er ikkje alltid at familien kjem saman til Noreg. Kanskje kjem eit barn aleine hit, eller berre ein av foreldra. Då har ein rett til å søkje om at heile familien skal få komme og bu her.

    Dette er det som ofte blir kalla ”familiegjenforening”.

  • Artikkel 11 – Om barnebortføring Les mer+ Lukk-

    «Barn skal ikkje bli bortførte til utlandet.»

    Kva betyr dette?

    Viss du skal flytte til *eit andre land, eller vere i eit anna land ei stund, skal vanlegvis begge foreldra dine *synest det er greitt. Den eine av foreldra dine har normalt ikkje lov til å ta deg med til utlandet for å bu der, utan at den andre veit det eller har vore med på å bestemme det.

    Viss du skal på ferie til utlandet, er det vanlegvis greitt at den eine forelderen tek deg med viss ikkje den andre protesterer. Begge foreldra dine må vanlegvis vere samde i at du skal få eige pass.

  • Artikkel 12 – Om å seie meininga si Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å seie meininga si, og deira meining skal bli tatt på alvor.»

    Kva betyr dette?

    Alle barn i Noreg skal få seie meininga si, og dei skal bli lytta til. Det kan vere på skulen med lærarar og andre elevar, eller det kan vere heime med foreldre og andre søsken.

    Det kan også vere på fritida og på dei aktivitetane du driv med der. Sjølv om det ikkje alltid blir slik du vil, skal du få seie meininga di. Etter kvart som du blir eldre, skal foreldra dine og andre vaksne høyre meir og meir på deg.

  • Artikkel 13 – Om ytrings- og opplysningsfridom Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å få informasjon om det dei lurar på og rett til å gi uttrykk for det dei meiner, så lenge dei ikkje bryt med andre sine rettar.»

    Kva betyr dette?

    Du har det som blir kalla ytringsfridom. Det betyr at du er fri til å ha eigne meningar, og til å få informasjon utan innblanding frå myndigheitene eller andre personar.

    Stader å få informasjon er f.eks. gjennom aviser, på nettet, og på TV. Sjølv om du har rett til å ha og seie meningane dine, har du ikkje lov til å gjere ting som kan skade andre.

  • Artikkel 14 – Tanke-, samvits- og religionsfridom Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å tenkje og tru på det dei vil. Men, foreldra har rett til å gi dei råd.»

    Kva betyr dette?

    Å tru handlar mykje om korleis ein ser på verda og korleis ein skal eller vil leve. I Noreg i dag har vi ganske mange ulike religionar eller måtar å tru på. Ofte har ein same tru eller syn på livet og verda som foreldra sine, men ein treng ikkje å ha det.

    Foreldra dine har rett til å gi deg råd om korleis dei synest du skal leve og kva du skal tru på. Di meining skal få meir å seie desto eldre du blir. Når du er 15 år, kan du sjølv melde deg ut og inn av trussamfunn.

    Du har rett til å tru det du vil, og du skal respekterast for det.

  • Artikkel 15 – Organisasjonsfridom Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å være med i organisasjonar og klubbar så lenge dette ikkje bryt med andre sine rettar.»

    Kva betyr dette?

    Organisasjonsfridom betyr at du kan melde deg inn i dei organisasjonane du vil, f.eks. Natur og Ungdom, Speideren, 4H, idrettslag, korps osv. så lenge dei følgjer lova. Men fram til du er 15 år må foreldra dine vanlegvis vere einige med deg i dette.

  • Artikkel 16 – Om privatliv, ære og omdømme Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til eit privatliv.»

    Kva betyr dette?

    Sjølv om foreldra dine bestemmer over deg til du er vaksen, så har du rett til å ha eit eige privatliv. Det betyr at dei vanlegvis ikkje har lov til å snoke i dine ting, lese dagboka eller e-posten din, eller andre ting som er personleg for deg. Det same gjeld på skolen for lærarar og rektor. Skolesekken eller skap på skolen skal du få ha i fred.

    Viss foreldre har ein god grunn til å tru noe er skadeleg, kan dei likevel sjekke barna sine private ting.

  • Artikkel 17 – Massemedia og retten til informasjon Les mer+ Lukk-

    «Staten skal sørgje for at alle barn får informasjon og underhaldning som ikkje er skadeleg for dei.»

    Kva betyr dette?

    Det å følgje med på kva som skjer i verda er viktig òg for barn og unge. Dei som spreier og skaper informasjon, slik som TV, avisar og nettet, har ansvar for å lage informasjon som du forstår, og som er tenkt til barn og unge.

    Sjølv om du har rett på informasjon, har du òg rett til å bli verna mot å få informasjon som du ikkje har godt av. Det kan vere filmar som ikkje er bra for deg, TV program som viser stygge og fæle bilete, eller kraftige historier i aviser eller på nettet.

  • Artikkel 18 – Om å ha foreldre Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å bli oppdratt av foreldra sine om det er mogleg.»

    Kva betyr dette?

    Det er foreldra dine som har ansvar for at du får ein trygg og god oppvekst. Nokre gonger treng foreldre hjelp til å vere gode foreldre, og då skal dei få det.

  • Artikkel 19 – Om misbruk Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbruker dei.»

    Kva betyr dette?

    I Noreg er det forbode å slå barn. Ingen har lov til å misbruke deg, eller gjere deg vondt på nokon måte, anten med kroppen din eller kjenslene dine. Det gjeld både foreldre og andre vaksne, og andre barn og unge.

  • Artikkel 20 – Barn som ikkje kan bu heime Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til hjelp viss dei ikkje kan bu med familien sin.»

    Kva betyr dette?

    Viss du har mista foreldra dine, eller det er noe som gjer det umogleg for deg å bu saman med dei, så har du rett til å få den omsorga og hjelpa du treng.

    Det kan bety at du skal få ein ny stad å bu der du blir tatt vare på. Dei som hjelper deg skal ta omsyn til kven du er, kva du trur på og kva bakgrunn du har.

  • Artikkel 21 – Adopsjon Les mer+ Lukk-

    «Adopsjon skal berre skje til barns beste.»

    Kva betyr dette?

    At adopsjon skal skje til barns beste, betyr at den som blir adoptert skal få det betre ved å bli adoptert. Dei nye foreldra skal bli sjekka nøye, slik at ein er sikker på at barnet får det betre hos dei.

    Ein kan bli adoptert frå eit anna land, eller ein kan bli adoptert i sitt eige land fordi ein har mista foreldra sine, eller dei ikkje kan ta vare på barnet sitt meir.

  • Artikkel 22 – Flyktningbarn Les mer+ Lukk-

    «Barn har rett til ekstra vern viss dei er flyktningar.»

    Kva betyr dette?

    FN har eigne reglar for menneske som er på flukt frå det landet de kjem frå. Barn skal vernast spesielt. Dei skal få hjelp viss dei er sjuke, og hjelp til å få ein stad å bu.

    Er barn på flukt aleine, skal dei få hjelp til å finne igjen foreldra sine, eller bli tatt vare på av andre.

  • Artikkel 23 – Funksjonshemmede barn Les mer+ Lukk-

    «Barn med funksjonsnedsetjing har same rett til omsorg, skule og utdanning som alle andre.»

    Kva betyr dette?

    Har du ei funksjonsnedsetjing, har du rett på å få hjelp til å få eit godt liv på lik linje med alle andre. Du skal få helsehjelp og opplæring som passar for deg, behova dine og utviklinga di.

  • Artikkel 24 – Helse Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til eit godt helsetilbod.»

    Kva betyr dette?

    Dersom du er sjuk, psykisk eller fysisk, har du rett på hjelp. Det kan vere rett til behandling for å bli frisk, eller rett til å ha det så bra som det går an mens du er sjuk. Dei som bestemmer i Noreg, skal jobbe for at kommunen du bur i har ei skulehelseteneste som du kan få hjelp frå når du treng det, også til andre ting enn berre vaksinar og vanlege sjukdommar.

    Dei som bestemmer i Noreg, skal sørge for at det blir slutt på helsefarlege tradisjonar. Er du på sjukehus, har du rett til å få ei behandling som hjelper deg og som passar for barn.

  • Artikkel 25 – Om barn på institusjon Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til å bli følgt opp viss dei ikkje bur med familien sin.»

    Kva betyr dette?

    Viss du av ein eller annan grunn ikkje kan bu med foreldra og familien din og til dømes bur på institusjon, skal nokon frå styresmaktene komme på besøk med jamne mellomrom. Dei skal sjekke at du har det bra der du er, korleis det er for deg å bu der og om du får den oppfølginga du treng.

  • Artikkel 26 – Om økonomisk hjelp Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til økonomisk hjelp viss dei treng det.»

    Kva betyr dette?

    Nokre foreldre har ikkje nok pengar til å leve for. Då skal familien få hjelp, slik at barna skal få ein trygg og god oppvekst, og at dei får råd til å kjøpe mat, klede og andre viktige ting.

  • Artikkel 27 – Levestandard Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til god nok levestandard.»

    Kva betyr dette?

    Foreldra dine skal sørgje for at du har *ein god levestandard. Det betyr at du skal få *dei tinga som trengst for å leve og ha ein meiningsfylt kvardag.

    Du skal ha mat og drikke, og du skal få høve til å utvikle deg som menneske. Viss foreldra dine ikkje klarer å gi deg ein god levestandard, kan dei få hjelp.

  • Artikkel 28 – Utdanning Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til skule og utdanning.»

    Kva betyr dette?

    Du har rett til å gå på skule. Grunnskuleopplæringa i Noreg er obligatorisk. Det betyr at du må gå på offentlig eller privat skule, eller få opplæring frå foreldra dine heime.

  • Artikkel 29 – Om opplæring og skule Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til ein god skule som gir dei nødvendig kunnskap og utvikling.»

    Kva betyr dette?

    På skulen skal du få kunnskap som du treng for å klare deg bra i livet. Du skal òg lære om vennskap og det å leve saman med andre i fred og forståing.

    Du skal lære om alle menneskes rettar, om samfunnet vi lever i og om korleis ein tek vare på naturen rundt oss.

  • Artikkel 30 – Om minoritetar og urfolk Les mer+ Lukk-

    «Barn som tilhører ein minoritet eller eit urfolk, har rett til å bruke sitt eige språk og kultur og praktisere sin religion.»

    Kva betyr det?

    Viss du tilhøyrer ein minoritet eller eit urfolk, har du rett til å bevare kulturen din. Du har rett til å praktisere religionen din, til å lære deg språket ditt, og til å bruke det.

    Staten har plikt til å respektere alle kulturar, språk og religionar.

  • Artikkel 31 – Om fritid, kunst og kultur Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å delta i kunst og kulturliv.»

    Kva betyr dette?

    Du har rett til å ha ei fritid som du kan bruke til kva du vil. Du skal òg få kvile deg, og ha tid til å leike. Samtidig skal du få lov til å oppleve kunst og kultur som teater, film, utstillingar og til å lese bøker. Du skal òg få vere kreativ og skape ting sjølv.

  • Artikkel 32 – Om arbeid Les mer+ Lukk-

    «Arbeid skal ikkje gå ut over skule eller helse.»

    Kva betyr dette?

    Barnearbeid er ikkje lov i Noreg, og ingen kan tvinge deg til å jobbe. Men frå du er 13 år har du lov å ta ein enkel jobb, som f.eks. å gå med avisa. Jobben skal ikkje være slik at den er til skade for deg, eller at den går ut over skulekvardagen din.

  • Artikkel 33 – Om narkotika Les mer+ Lukk-

    «Alle barn skal vernast mot narkotika.»

    Kva betyr dette?

    Narkotika er ulovleg i Noreg. Alle barn og unge skal vernast mot narkotikasal og bruk av narkotika. Du skal lære om kva narkotika er og kvifor det er farleg og ulovleg. Du har rett til å få hjelp viss du byrjar med narkotiske stoff.

  • Artikkel 34 – Om seksuelt misbruk Les mer+ Lukk-

    «Alle barn skal vernast mot seksuelt misbruk.»

    Kva betyr dette?

    Din kropp er berre din. Det betyr at ingen har lov til å gjere noko med den som ikkje er bra for deg, eller som utnytter kroppen din på nokon måte. Staten skal gjere det som er nødvendig for at dette ikkje skjer, både her i Noreg og i andre land.

  • Artikkel 35 – Om bortføring Les mer+ Lukk-

    «Barn skal ikkje bli selde eller bortførte.»

    Kva betyr dette?

    Dessverre er det slik i verda, at barn og unge kan bli tvinga til å jobbe, og faktisk bli teke med til eit framandt land for å tene pengar. Barn kan òg bli tvinga til å tigge, og barn kan bli tvinga til prostitusjon. Det er absolutt ikkje lov å bruke eller selje barn og unge på nokon måte.

    Ingen barn skal tvingast til å jobbe, tigge eller bli prostituert.

  • Artikkel 36 – Om vern mot utnytting Les mer+ Lukk-

    «Alle barn skal alltid vernast mot å bli utnytta.»

    Kva betyr dette?

    Barn og unge skal bli tatt vare på! Ingen skal utnytte eller skade barn på nokon måte. Med barnekonvensjonen har staten lova at den skal passe på at dette ikkje skjer.

  • Artikkel 37 – Om straff Les mer+ Lukk-

    «Barn skal ikkje straffast på ein måte som skadar dei.»

    Kva betyr dette?

    Ingen barn under 15 år kan komme i fengsel. Unge over 15 år skal ikkje sitte i fengsel saman med vaksne. Fengsel skal brukast som siste utveg, for kortast mogleg tidsrom, og ein skal aller helst finne ein annan type reaksjon. Barn skal aldri få ei straff som øydeleggjer dei. Dei skal også få ei rask behandling av saka si.

    Det skal spesielle grunnar til at barn har stengde dører i barneverninstitusjonar eller i psykisk helsevern.

  • Artikkel 38 – Om barnesoldater Les mer+ Lukk-

    «Barn skal ikkje brukast som barnesoldatar.»

    Kva betyr dette?

    Ein del stader i verda er det krig der også barn er med og kjempar. Barnekonvensjonen seier at ingen barn skal vere soldat, og at staten skal passe på at ingen barn er med i krig.

  • Artikkel 39 – Om rett til hjelp Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett på hjelp viss dei har opplevd noko vanskeleg og skadeleg.»

    Kva betyr dette?

    Ingen barn skal misbrukast, blir utsette for vald eller blir skadde på nokon måte. Men, viss dette skjer deg, skal du få hjelp heilt til du har det bra igjen.

  • Artikkel 40 – Om lovbrot Les mer+ Lukk-

    «Alle barn har rett til ei rettferdig behandling dersom dei har brote lova.»

    Kva betyr dette?

    Når du er 15 år og eldre, kan du straffast i Noreg viss du bryt lova. Du skal likevel behandlast på ein bra måte. Meninga med straffa er at du skal gjere opp for deg og forstå hva gale du har gjort, slik at du ikkje gjer nye lovbrot.

    Barn skal aldri få ei straff som øydeleggjer dei, eller er nedverdigande på nokon måte.

  • Artikkel 41 – Om norsk lov Les mer+ Lukk-

    «Viss nokon lovar er betre for barn enn barnekonvensjonen, så går dei framfor.»

    Kva betyr dette?
    I Noreg har vi mange lovar. Nokre av desse lovane tek betre vare på deg enn det som står i barnekonvensjonen. Då skal den loven følgjast slik at du har det best mogleg.
  • Artikkel 42 – Om Barnekonvensjonen Les mer+ Lukk-

    «Staten skal passe på at både barn og vaksne vet om barnerettane.»

    Kva betyr dette?

    Du skal kjenne til kva rettar du har, og du skal vite at barnekonvensjonen finst. Både skule og foreldre og samfunnet elles har plikt på seg til å lære deg om barnekonvensjonen.

FNs barnekomité

Barnekomitéen kontrollerer at alle land som har skrive under på barnekonvensjonen, følgjer reglane i den. Komitéen er sett saman av 18 ekspertar på barnerettane. Dei kjem frå heile verda, og møtest fire gonger i året i den sveitsiske byen Genève.

Alle land må rapportere til komiteen kvart femte år. Slik passar komitéen på at alle land oppfyller FNs barnekonvensjon.

Når det er Noreg sin tur til å rapportere, hjelper Barneombodet til, og vi fortel komitéen om det barn seier til oss om kvardagen sin.

Vi skriv også ein eigen rapport til barnekomitéen. Der står det ting som vi meiner myndigheitene i Noreg ikkje har skrive nok om i sin rapport.

Så lagar barnekomitéen ein rapport der dei gir ros og kritikk til landa. Når Noreg får kritikk av barnekomitéen, er det viktig at politikarane gjer noko med det. Barneombodet følgjer med på at politikarane faktisk gjer noko med det dei får kritikk for om barnerettane.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev