Gå til toppen

Artikkel 20 – Barn som ikkje kan bu heime

«Alle barn har rett til hjelp viss dei ikkje kan bu med familien sin.»

Kva betyr dette?

Viss du har mista foreldra dine, eller det er noe som gjer det umogleg for deg å bu saman med dei, så har du rett til å få den omsorga og hjelpa du treng.

Det kan bety at du skal få ein ny stad å bu der du blir tatt vare på. Dei som hjelper deg skal ta omsyn til kven du er, kva du trur på og kva bakgrunn du har.

Her kan du sjå ein videoversjon av artikkel 20:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein titt på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.