Gå til toppen

Artikkel 13 – Om ytrings- og opplysningsfridom

«Alle barn har rett til å få informasjon om det dei lurar på og rett til å gi uttrykk for det dei meiner, så lenge dei ikkje bryt med andre sine rettar.»

Kva betyr dette?

Du har det som blir kalla ytringsfridom. Det betyr at du er fri til å ha eigne meningar, og til å få informasjon utan innblanding frå myndigheitene eller andre personar.

Stader å få informasjon er f.eks. gjennom aviser, på nettet, og på TV. Sjølv om du har rett til å ha og seie meningane dine, har du ikkje lov til å gjere ting som kan skade andre.

Her kan du sjå ein videoversjon av artikkel 13:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein titt på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.