Gå til toppen

Artikkel 10 – Om familiegjenforening

«Viss barn og foreldre bur i forskjellige land, så har dei rett til kontakt og kan søkje om å bu saman.»

Kva betyr dette?

Landet vårt er samansett av mange forskjellige menneske. Her bur det folk som har budd i Noreg i mange generasjonar.  Nokre har valt å flytte hit, og nokre har måtta flykte til Noreg fordi dei ikkje er trygge i landet dei er frå. Det er ikkje alltid at familien kjem saman til Noreg. Kanskje kjem eit barn aleine hit, eller berre ein av foreldra. Då har ein rett til å søkje om at heile familien skal få komme og bu her.

Dette er det som ofte blir kalla ”familiegjenforening”.

Her kan du sjå ein videoversjon av artikkel 10:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein kikk på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.