Nytt tilsyn avdekkjer brot på barns rettar

Hf DSF6626

Barneombodet har over lang tid vore bekymra for tilbodet til barn som oppheld seg i avlastingsinstitusjonar og barnebustader.

Vi snakkar her om ei gruppe barn som er i svært sårbare situasjonar. Barna har ikkje sjølv samtykt til å vere der og kan ha funksjonsnedsetjingar som kan gjere det vanskeleg å uttrykkje ønska og behova sine.

Bekymringa er på nytt aktualisert med funna i Helsetilsynets nye nasjonale tilsyn.

Alvorleg lovbrot

Tilsynet avdekte lovbrot i 76 prosent av sakene, mellom anna fordi barn ikkje får habilitering, at tenesta ikkje blir tilpassa barna og at manglande styring og leiing fører til fagleg svikt.

Tilsynet viser òg at tilsette mange stader ikkje har kompetanse i bruk av kommunikasjonshjelpemidla som barna er avhengige av, og dermed heller ikkje kan kommunisere med barna eller vareta deira rett til medverknad.

Barneombodet etterlyser no innsats og endringar.

-Forventninga vår er at desse institusjonane blir regulerte betre, på same måte som andre institusjonar for barn, seier barneombod Mina Gerhardsen til NRK.

Sist det blei gjort eit tilsvarande tilsyn var for 14 år sidan.

-Vi snakkar om tilbod som gjeld for somme av dei mest sårbare barna våre, som ofte ikkje kan seie frå sjølv om situasjonen dei er i. Dei treng at kvalitet og tryggleik blir vareteken, seier Gerhardsen.

Ber om møte

Tilsynet konkluderer med at lovbrota varierer frå bustad til bustad, noko som viser at arbeidet og praksisen innanfor dei ulike avlastings- og butilboda ikkje er systematiserte.

Det er ansvaret til staten å ha det overordna ansvaret for å sikre at barns rettar blir respekterte på alle forvaltningsnivå.

Vi har derfor i brev bede om møte med både Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet for å diskutere situasjonen og moglege tiltak.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev