Tiltak overfor barn og unge må vare kortast muleg

Ung gutt som sitter med en laptop

- Eg fryktar at tiltaka blir forlenga eller forsterka, og det må regjeringa gjere alt dei kan for å unngå, seier barneombod Inga Bejer Engh til VG.

Barneombodet er bekymra for kva som skjer når skulen startar igjen i januar. Saman med Redd Barna, Unicef og barna sitt eige direktorat (Bufdir) åtvarar vi mot at heimeskule òg blir teken i bruk i 2022.

Raudt nivå i skulen har store konsekvensar for barn og ungdom, både når det gjeld den faglege og sosiale læringa deira, og ikkje minst for den psykiske helsa deira. Skule og barnehage er òg viktig for andre tenesters kontakt med barn og unge. Dette gjeld spesielt for barn i sårbare situasjonar.

Barneombodet forventar at regjeringa set i verk dei tiltaka som er nødvendige for å kunne halde skular og barnehagar oppe framover.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev