- Idretten er ein av dei viktigaste meistringsarenaene for barn

Barneombud Inga Bejer Engh

Noregs fotballforbund anslår at så mykje som 20 000 barn og unge har slutta med fotball i løpet av korona-pandemien. Dette er tal som uroar barneombod Inga Bejer Engh.

- Idretten er ein av dei viktigaste meistringsarenaene barn kan ha, og dei gjer ein kjempejobb for mange barn. Eg har sett at barn som strevar med andre ting i livet ofte har vorte "redda" nettopp fordi dei meistrar idrett, seier Bejer Engh til Dagsnytt 18 på NRK.

Der møtte ho generalsekretær i Idrettsforbundet, Karen Kvalevåg og statssekretær i Kunnskapsdepartementet Gunhild Berge Stang.

- Det kan vera mange årsaker til at barn og unge har slutta, og idretten må gå i dialog med barna dette gjeld for å finna ut kvifor dei har slutta, seier Bejer Engh.

Ho peikar på at det i tillegg til pandemi og smittevern kan vera både økonomiske og praktiske årsaker til at barn og unge sluttar i idretten.

- Vi må gjera meir for å behalda ungdom i organisert idrett, sa Bejer Engh, med ei klar forventning til idrettsmeldinga som regjeringa skal komma med.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev