Bekymra for konsekvensane om idretten stenger ned

Barneombud Inga Bejer Engh på operaen

- Eg er bekymra for konsekvensane det får for barn og unge om innandørs og utandørs idrettsaktivitetar blir stengt ned.

Det seier barneombod Inga Bejer Engh til budstikka.no som ein reaksjon på at fleire kommunar no tilrår å stenga ned både innandørs og utandørs idrettsaktivitet for barn og unge.

I dei siste nasjonale råda frå regjeringa tilrår ein at alle organiserte fritids- og idrettsaktivitetar innandørs blir utsett til etter 19. januar.

At no fleire kommunar ønsker å stenga ned utandørs idrett i tillegg, er barneombodet kritisk til.

- Eg er bekymra for at enkelte kommunar vel å gå lengre i tilrådingane sine enn det regjeringa har gjort utan at dette er godt nok grunngitt. Dette kan spesielt få store konsekvensar for dei som er særskilt sårbare, seier Bejer Engh.

- I den situasjonen vi er i kor òg skolane er på raudt nivå og mange har heimeskole, blir dissa møteplassane endå viktigare, seier ho.

Bejer Engh er opptatt av at barn og unge må skjermast så godt det lèt seg gjera, og at alle tiltak som er retta mot barn må vera nødvendige og forholdsmessige.

Både nasjonale og lokale tiltak gjer at mange barn og unge opplever at dei mistar sosiale arenaer, og fleire fortel at dei er einsame. Difor er andre fritidsarenaer ekstra viktige no.

- Barn og unge må få moglegheita til å leva mest moglege normale liv òg no, seier Bejer Engh.

Barneombodet har skrive om desse problemstillingane i ei rekkje brev til myndigheitene. Du kan lesa alle breva og innspela frå barneombodet om covid-19 her.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev