Unge må ha lett tilgang til psykisk helsehjelp

Barneombudet: gutt opp trappen

Debattinnlegg på trykk i lokalaviser september 2022.

Over halvparten av norske kommunar seier at psykiske helseplager blant unge er den største utfordringa deira i folkehelsearbeidet. Likevel verkar hjelpetilbodet sårbart og tilfeldig.

Talet på gutar som opplever psykiske plager aukar frå 6 til 13 prosent frå første året på ungdomsskulen til siste året på vidaregåande. For jentene aukar det frå 19 til 30 prosent, ifølgje dei nasjonale Ungdata-undersøkingane. Mange ungdommar fortel om stress, tristheit, uro, og problem med søvn.

Men ein av tre kommunar manglar lågterskeltilbod for barn og unge som har psykiske plager, ifølgje Sintef.

Barneombodet har besøkt store og små kommunar i arbeidet vårt med rapporten «Kven skal eg snakka med no? – om psykisk helsehjelp i kommunane». Der har vi snakka med ungdom og foreldre, og tilsette og leiarar i oppvekst og helse.

Vi er glade for at vi såg eit stort engasjement og vilje i kommunane til å satsa på oppveksten og den psykiske helsa til barn. Fleire ungdommar fortalde at dei vart møtt av gode hjelparar som har sett behova deira og tatt seg tid til å bygga gode tillitsforhold. Kommunetilsette trekte fram at godt tverrfagleg arbeid, tilgjengelegheit og fleksible rammer som møter behovet til barn er viktig for å få til eit godt helsetilbod til unge. Og ei kommuneleiing som satsar på langsiktig arbeid er viktig for å lykkast.

Men på trass av mykje godt arbeid, er det bekymringsfullt at tilbodet verkar sårbart og tilfeldig. Tilsette i kommunane fortel om mangel på gode rammer rundt arbeidet. Kapasiteten er pressa, det kan vera vanskeleg å rekruttera fagfolk, og statlege føringar blir opplevd som uklare og lite samordna. Bildet som mange tilsette i tenestene teiknar av kvardagen sin, vitnar om eit gap mellom politiske mål og den reelle situasjonen.

Regjeringa bør presisera at kommunen har plikt til å tilby lågterskeltilbod om psykisk helsehjelp til barn og unge, med krav til nødvendig innhald og kompetanse. Samtidig må tenestene rustast opp for å løysa samfunnsoppgåva dei står overfor.

Psykisk helsearbeid krev ei langsiktig tilnærming. Derfor anbefaler vi at statlege myndigheiter set i gang eit arbeid med finna ut korleis det ser ut i kommunane og kva slags hjelp som verkar. Psykisk helsehjelp til barn i kommunane må ikkje bli prega av kjappe løysingar eller kortvarige pilotar og prosjekt.

Kommunane bør på si side gi barn og unge eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod. Dei tilsette må få tid og rom til å bygga relasjonar, og møta barna på arenaene dei er på. Ikkje minst må kommunen involvera barn og unge i utviklinga av det psykiske helsetilbodet.

Psykiske helseproblem kan vera ei tragedie for det enkelte barnet, og koste samfunnet mykje på sikt. Her har vi ikkje råd til å mislykkast.

Barneombod Inga Bejer Engh

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev