Psykisk helsetilbod for barn og unge må prioriterast

Barneombud Inga Bejer Engh på operaen

Debattinnlegg som stod på trykk i lokalaviser mai 2021.

Varsel om den psykiske helsa til barn og unge og situasjonen i psykisk helsevern må takast på alvor.

For barn og unge som har behov for hjelp i psykisk helsevern for barn og unge (BUP), er tidleg hjelp avgjerande. At eit barn får ei psykisk liding kostar mykje, for både barnet, familiane og samfunnet. Livet til barna blir sett på vent, og mange får problem dei tar med seg inn i vaksenlivet. No melder ei rekke fagmiljø om auka pågang til ei allereie pressa spesialisthelseteneste. Eg er bekymra for om barn vil få det tilbodet dei har rett til.

Før pandemien undersøkte vi tilbodet til barn og unge i psykisk helsevern i rapporten «Eg skulle hatt BUP i ein koffert». Konklusjonen vår var at psykiske helsevern i dag ikkje er rigga godt nok for å oppfylla retten barn har til best mogleg helsehjelp.

Rapporten avdekte fleire alvorlege forhold. Barn og unge med behov for psykisk helsehjelp har ikkje god nok tilgang til hjelp. Det handlar mellom anna om lange ventetider, mangel på spesialistar, men også stor variasjon i korleis uklare tilvisingar blir vurdert.

Dette betyr at tilgangen til hjelp er avhengig av kvar i landet barnet bur. Hjelpa dei får er heller ikkje godt nok tilpassa behova deira, og ungdommane får medverka i liten grad.

Ein ungdom kan til dømes ha behov for å møtast på andre måtar enn å møta ein ukjend behandlar inne på eit kontor. Behandlarane seier at dei ofte ikkje kan gi ungdommane den fleksibiliteten dei har behov for, fordi det krev tid og ressursar dei ofte ikkje har.

Kommunane og BUP er gjensidig avhengige av kvarandre for at barn og unge skal få god helsehjelp. Kommunane må vera i stand til å hjelpa dei med lette og moderate plager.

Mange kommunar er i dag ikkje rusta til dette. Dette fører til fleire tilvisingar til BUP, der barn får avslag fordi dei ikkje fell innunder ansvaret deira. Barn risikerer då å bli ståande heilt utan helsehjelp.

Eg meiner det trengst ein brei gjennomgang av psykiske helsetenester til barn og unge, som spesielt ser på samanhengen mellom tilbodet i kommunen og BUP.

Å få på plass eit betre psykisk helsetilbod til barn og unge må prioriterast, både i kommunane, helseføretaka og regjeringa. Koronapandemien gjer at endringar tvingar seg fram.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev