Kven ville barna ha stemt på?
Kronikk i lokalaviser august 2023
Når du møter politikarar i valbuene og andre stader der du bur – spør dei om korleis dei vil skape ein betre oppvekst for barna i kommunen din.
Dei fleste barn og unge som veks opp i Noreg har det svært godt. Dei trivst på skulen og i fritida, og har mange moglegheiter. Men kva med dei barna som ikkje trivst på skulen, eller strevar med læring - dei som møter stengde dører i helsevesenet, eller som ikkje har tilgang på fritidsaktivitetar? Det er desse barna eg håpar politikarane som no er på val har særleg merksemd på.
Mange av utfordringane barn møter i kvardagen kan løysast lokalt. Du kan bidra til at det blir betre for barn i kommunen og fylket ditt, om du tenkjer på barna når du stemmer.
Som barneombod jobbar eg for at rettane til barn og unge blir varetekne. Eg vil også ha deg som vel med på denne jobben. At tidleg innsats og førebyggjande arbeid er viktig i barns oppvekst, er noko «alle» snakkar om. Å få tidleg og god hjelp kan vere avgjerande for at eit barn skal unngå eit liv i utanforskap, og det mest lønnsame for samfunnet. Likevel er det i dag for lite satsing på tidleg førebygging, og for mykje brannsløkking. Så kva vil politikarane faktisk gjere med dette om dei kjem til makta?
Når du møter politikarar i dagane framover, ta barnebrillene på og spør dei:
- Éin av tre kommunar har ikkje eit lågterskeltilbod om psykisk helsehjelp til barn og unge. Har kommunen din eit slikt tilbod? Kva tilbod bør kommunen din ha for barn med psykiske plager?
- Alle barn skal få den opplæringa dei treng på skulen. Men mange stader er det for dårleg kvalitet på spesialundervisninga. Korleis skal kommunen sikre god nok kompetanse og nok ressursar til å følgje opp alle elevar som har behov for det?
- Eitt av ti barn veks opp i fattigdom i Noreg. Desse barna bur dårlegare, har meir stress, og opplever ofte at dei ikkje har råd til å vere med på det som klassekameratane gjer. Dei gjer det dårlegare på skulen, og færre kjem seg i arbeid som vaksne. Korleis vil politikarane sørgje for at fattige barnefamiliar får den hjelpa dei treng?
- Nokre barn treng god hjelp og støtte for å unngå å falle utanfor. Har kommunen din gode fritidstilbod og oppsøkjande tenester som møter barna på arenaene deira – og spesialiserte hjelpetiltak til barn med valds-, rus eller kriminalitetsutfordringar? Kva må på plass for å få barn og unge ut av rus og kriminalitet?
Kanskje er du sjølv ein av over 50 000 kvinner og menn som stiller i kommunevalet i år. Eg håpar at du har eit brennande engasjement for barn og unge, er villig til å sjå barn, høyre på dei og ta med deira innspel og erfaringar i arbeidet med å skape betre tenester og tilbod på heimstaden.
Det krev politisk mot å setje barna øvst på dagsorden. Ikkje berre er det viktig for det enkelte barnet, men vi veit også at førebygging og tidleg innsats er det som lønner seg på sikt.
Hugs at det kostar meir å reparere med barnevern og kriminalomsorg enn å førebyggje. I det reknestykket blir derfor fritidsklubben viktigare enn ein salderingspost i budsjettet, og den ekstra læraren ein innsatsfaktor som lønner seg på sikt.
Godt val!
Barneombod Inga Bejer Engh