Fengsel er ikkje løysinga på ungdomskriminalitet
Kronikk i lokalaviser i november 2024
Fleire parti vil ha fleire barn og unge i fengsel for å løyse aukande ungdomskriminalitet. Slike forslag høyrest handlekraftige ut, men dei løyser ikkje problemet.
Skal vi få ned talet på unge som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, må vi ta tak i årsakene til at dei blir trekte mot miljø der det blir utøvd vald og blir tent raske pengar.
Nesten alle barn som gjer seg skuldig i kriminalitet kjem frå vanskelege oppvekstvilkår og mange har opplevd vald heime. Klarer vi å hjelpe desse barna medan dei er små, kan vi snu retninga på liva deira. Ungdom treng positivt innhald i livet sitt, noko å gle seg til, ein stad å vere og å høyre til, og arenaer som gir meistring. Mangel på dette gir auka risiko for at dei blir trekte mot miljø der fellesskapen byggjer på rus og kriminalitet.
Dessverre er det stor variasjon og manglar i det førebyggjande arbeidet i kommunen. Det er her nasjonale og lokale avgjerdstakarar må setje inn støyten viss dei skal klare å snu kriminalitetsutviklinga. Oppsøkjande tenester, styrking av barnevern og familieråd er viktig for å fange opp barn i faresona. Fritidsklubbar, idrett, miljøarbeidarar på skulen, og ungdomsjobbar må vere satsingar i kommunen, og ikkje kuttpostar i budsjetta.
I Noreg er terskelen for å fengsle barn svært høg. Dette er ein ønskt politikk basert på at fengsel ikkje er til barnets beste og at innelåsing ofte gjer vondt verre.
I dag er det berre ei handfull barn som sonar i fengsel, men kapasiteten i ungdomsfengsla er likevel sprengd. Grunnen er at barn blir plasserte i varetekt fordi vi manglar institusjonstilbod til denne gruppa, og dessutan at det tek for lang tid å etterforske og behandle sakene deira i domstolen. Med hurtigsporet som er foreslått i statsbudsjettet, vil saksbehandlingstida kortast ned, slik at ungdommane raskare blir lauslatne og sende tilbake til bustadkommunen sin for vidare oppfølging. Dette kan vere gjennom ungdomsstraff, som for mange vil vere ei god løysing. Desse endringane kan føre til at fengselsplassane som no blir oppretta, om kort tid vil stå tomme.
Ein fengselsplass for ungdom kan koste opp mot 20 millionar kroner i året. Ein fritidsklubb kostar om lag to millionar kroner i året. Det same kostar eit spesialisert tiltak for ungdom med valds- og kriminalitetsutfordringar. Vi er nøydde til å sjå på når og kvar vi skal bruke pengane for å gjere ein skilnad for barns oppvekst og val. Fleire barn i fengsel er den dyraste og dårlegaste løysinga.