Våre unge ekspertar møtte opplæringslovutvalet

Etter at Barneombodet, samen med våre unge ekspertar, lanserte rapporten «Ungdom i digitale medier» er det mange som har ytra eit ønskje om å møte ungdommane.

Denne veka var det Opplæringslovutvalet som kom på besøk, med mellom anna leiar Jon Christian Fløysvik Nordrum.

Tema for møtet var elevdemokrati, mobilforbod og ordensreglement, trygg digital kvardag og helsetenesta i skolen.

Elevdemokrati

– Kva skal elevar få vere med på å bestemme på skolen? var eit av spørsmåla frå utvalsleder Nordrum.

– Vi må få meine noko om miljøet på skolen. Vi kan til dømes seie mykje om lys og luft og korleis undervisninga er. Og kanskje bør også elevråda få ein pott med pengar som dei kan bestemme over, var blant forslaga frå dei unge ekspertane.

Må vite meir

Ungdommane etterlyste også eit betre rettigheitsperspektiv på skolen.

– Vi veit lite om kva rettar vi har, og kva vi faktisk kan gjere noko med, var eit av innspela.

I dei andre spørsmåla så var ungdommane heilt tydeleg med utvalet på at eit mobilforbod er dei sterke motstandarar av. Dei er også tydeleg på at den digitale kompetansen til lærarar og vaksne på skulen må økes, og det må også vere ei meir tilgjengeleg helseteneste på skolane.

Opplæringlovutvalet skal sjå på heile regelverket for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Dei skal levere sitt forslag til eit nytt regelverk innan 1. desember 2019.

Utvalsleder Jon Christian Fløysvik Nordrum noterte flittig under møtet med ungdommane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *