Barnekonvensjonen ut til barna

Barneombodet og UNICEF Norge har laga ein ny plakat om Barnekonvensjonen for barn og utvikla eit undervisningsopplegg til den.

Det er altfor mange barn som ikke kjenner rettane sine. UNICEF Norge og Barneombodet har derfor laga ein barnevennleg og forenkla versjon av barnekonvensjonen og eit undervisningsopplegg på nett. Både plakaten og undervisningsopplegget er meint for 4. – 10. klassetrinn.

Opplegget er tilgjengeleg for alle skular i landet, og gir ei innføring i barnerettane gjennom diskusjon og eigenaktivitet. 

Undervisningsopplegget 

Gjennom undervisningsopplegget vil vi skape refleksjonar, diskusjonar og engasjement blant elevane med utgangspunkt i kjende situasjonar frå deira eigen hverdag og det aktuelle nyhetsbildet.*

Undervisningopplegget tar utgangspunkt i fem område som er relevant for barn i Noreg:

  • Barnerettane i heimen.
  • Barnerettane på skulen.
  • Barnerettane i lokalsamfunnet.
  • Barnerettane i Noreg.
  • Barnerettane i verda.

Undervisningsopplegget er tilgjengeleg ved å følgje denne lenka.

Undervisningsopplegget og plakaten blir lansert den 20. november, som er datoen for FNs markering av barnekonvensjonen.

Plakaten

Plakaten er ein forenkla versjon av Barnekonvensjonen. Språket skal gjere det enklare for barn å forstå innhaldet, og må sjåast i samanheng med undervisningsopplegget.

Plakaten blir send ut til alle skular i landet.

Plakaten kan også lastast ned ved å følgje denne lenka.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *