Barneombussen til Klepp

Gratulerar med FN-dagen! Me i Barneombodet feirar dagen med å starte vår turné Barneombussen i Rogaland. Barneombod Anne Lindboe møter barn og ungdom i sju fylke i vekene som kjem.

FN-dagen

Me markerar dagen for å gjere menneske i verda merksame på måla og prestasjonane til FN, og sikre oppslutnad om arbeidet til FN.

Lenke til meir informasjon om FN-dagen

Lenke til oversikt over arrangement på FN-dagen

Barneombussen

Vi startar Barneombussen på Klepp i Rogaland.

Over hundre barn og unge frå 4. til 10. trinn blir samla på Rådhuset i Klepp den 24. oktober. Her skal barneombodet snakke om grunnleggjande rettane i barnekonvensjonen.

– Eg ser fram til å møte elevar og diskutere kva rettane betyr for dei i kvardagen deira, seier Anne Lindboe.

Anne Lindboe vil også treffe Oda Jess Langaas som var ei av ungdommane som intervjua Anne Lindboe og dei andre kandidatane til stillinga som Barneombod i 2012.

– Då eg søkte stillinga som barneombod oppfordra Oda og dei andre i panelet meg til å gi barn og unge meir og betre kunnskap om rettane sine, seier Anne Lindboe.

Hit skal vi:

  • Rogaland: Klepp 24. oktober og Stavanger 25. oktober
  • Nord- Trøndelag: Stjørdal 28. oktober  
  • Sør- Trøndelag: Klæbu 28 – 29. oktober
  • Nordland: Bodø 30.oktober
  • Troms: Kåfjord 1. november
  • Hedemark: Kongsvinger 11. november og Nord- Odal 12. november
  • Vestfold: Tønsberg 18. og 19. november

Du kan følgje med på Barneombussen her på nettstedet og Facebook.

Du kan også følgje med på reisen med emneknaggen #barneombussen på Twitter og Instagram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *