Gå til toppen

Barneombudets hovedmål i 2018

Barneombodet har utarbeida 21 langsiktige faglege mål og fem mål for organisasjonsutvikling for perioden 2012-2018. Vi vel kvart år ut nokre av desse måla som vi skal arbeide spesielt med, i tillegg til det daglege arbeidet vårt.

Barneombudet har valgt desse måla som hovudfokus for arbeidet vårt i 2018:

FAGLEGE MÅL
1. Barn med funksjonsnedsetjingar får eit verdig liv og eit tilrettelagt tilbod uansett kor dei bur (langsiktig mål 8)
Barneombodet held fram arbeidet med å få gjennomslag for våre anbefalingar frå rapporten «Uten mål og mening? Barn med spesialundervisning i grunnskolen».

2. Barn kjenner til barnekonvensjonen og Barneombodet (mål 2)
Barneombodet avluttar prosjektet «Barneombussen», der Anne Lindboe reiser rundt i landet og besøkjer skular. Ho har med seg eit skuleopplegg der ho informerer om barnekonvensjonen og Barneombodet.

3. Barn har reell innverknad på utforming av politikk og planer på alle nivå i samfunnet (mål 19)
Vi vil halde fram i 2018 med å vidareutvikle metodane våre for å få barn og unge til å delta i vårt arbeid.

4. Alle barn i Norge får oppfylt sin rett til utdanning i ein trygg og inkluderande skule (mål 10)
Barneombodet vil halde fram med det viktige arbeidet med det psykososiale skulemiljøet, både gjennom veiledning og hjelp til foreldre og born, foredrag og opplæring og arbeid opp mot fylkesmenna.

5. Barn i risiko for – eller som er utsatt for – vald og overgrep, møter eit system som ser, følgjer opp og gir god behandling (mål 7)
Vi vil gjere ferdig prosjekt «Voldsfri barndom-betre helse» som er Anne Lindbos siste prosjekt som barneombod.

6. Barnerettane internasjonalt er styrka gjennom engasjementet til Barneombodet (mål 20)
I 2014 sette Barneombodet i gang eit prosjekt for å promotere barneombod og barnerettane internasjonalt. Vi søker og medel til dette prosjektet i 2018.

7. Rapporteringar frå Barneombodet til relevante internasjonale organ er viktige for barn i Noreg (mål 21)
Barneombodet leverar i 2017 supplerande rapport til FNs komité for barns rettar og deltar på presession hjå komiteen. I 2018 vil vi delta på eksamineringa av Norge og følgje opp dei anbefalingane som kjem frå komiteen.

MÅL FOR ORGANISASJONSUTVIKLING
1. Overgang til nytt barneombod
Nytt barneombod vil kome på plass våren 2018 og kontoret vil bruke tid og ressursar på å leggje til rette for ei god overgang og ein best mogleg start for det nye barneombodet.

2. Gode arbeidsverktøy. Barneombodet vil i 2018 avslutte fase 2 av prosjektet for eit betre arkivsystem.

3. Barneombodet vil i 2018 lage ny nettside.

 

Strategiar

  • Direkte kommunikasjon med barn og unge og vidareformidling av deira synspunkt og anbefalingar, og arbeid for å auke deltakinga frå barn og unge i samfunnet generelt.
  • Informasjonsverksemd om barnerettane gjennom foredragsverksemd og i ulike media.
  • Rådgiving og informasjon til personar som tar direkte kontakt med Barneombodet: barn, foreldre, fagpersonar og avgjerdstakarar.
  • Prosjektbasert arbeid og utforming av rapportar på prioriterte område der vi ser at det er behov for å styrke barnerettane.
  • Høyringsfråsegner i samband med lovendringar som er viktige for barn og unge, og innspel til offentleg nedsette utval.