Gå til toppen

Nokon å snakke med

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111

Fleire barn har det ikkje bra heime, dei opplever lite omsorg og er utsette for overgrep og vald. Har du det slik heime? Eller kjenner du nokon som har det slik?

Ring Alarmtelefonen på 116 111. Dei vil hjelpe deg. Ring sjølv om du er i tvil! Erfarne vakter tar telefonen hele døgnet.

Les meir om AlarmtelefonenAlarmtelefonen

 

Ung.no

Ung.no er det offentlege sin kommunikasjonskanal med ungdom. Dei svarar på spørsmål frå deg mellom 13 og 18 år. Nettstedet blir drive av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Her kan du spørje om kva du lurar på heilt anonymt. Du får svar enten direkte til deg sjølv eller så blir svaret lagt ut på nettsida.

Dei svarar på spørsmål om seksualitet, kropp, helse, graviditet, familieforhold eller overgrep. Du kan stille spørsmål og få svar på det meste. Du kan også lese andre sine spørsmål. Dei har helsesøstrer, legar, psykologar, jordmødrer, tannlegar, fysioterapeutar, prestar, ruskonsulentar og familieterapeutar som svarar for dei.

Lenke til Ung.noLenke til Ung.no

Kors på halsen – Røde kors-telefonen 800 333 21

Kors på halsen er ei teneste der du kan spørje om det meste. Du kan nå dei på telefon, e-post, chat eller i forum på nett. Dei som svarar er frivillige i Røde Kors med god opplæring i å lytte, snakke og støtte barn og ungdom. Dei har taushetsplikt om det du fortel. Både dei og du er anonyme. Det betyr at ingen veit kven du er eller kven det er som svarar.

Hjelpetelefonen er gratis å ringe til både frå mobil og fasttelefon. Den er open frå klokka 14 til 20 måndag til fredag hele året. Du er heilt anonym, og det visest ikkje på telefonrekninga at du har ringt. Du kan sende e-post heile døgnet. Du kan snakke med dei på chat måndag til fredag frå 17 til 20.

Kom i kontakt med Kors på halsen halsen

Kirkens SOS

Kirkens SOS tilbyr et lyttande medmenneske for menneske i krise på telefon 22 40 00 40. Du kan også chatte med dei på denne nettsida.

Les meir om Kirkens SOS Kirk

Sex og samfunn – senter for ung seksualitet

Sex og Samfunn er landets største senter for seksuell og reproduktiv helse for unge voksne. Her kan du stille spørsmål over chat om det du måtte lurer på om seksualitet, samliv og sex. Senteret ligger i Oslo og har også drop-in timer og en klinikk.

Lenke til sex og samfunnSex&samfunn

Ungdomstelefonen

Ungdomstelefonen (UT) er Skeiv Ungdoms telefontjeneste og er et tilbud til unge som trenger noen å snakke med om seksualitet, kjønn, identitet, legning, forelskelse, aktivitetstilbud eller sikrere sex. 400 00 777

Lenke til ungdomstelefonen

Mental helses hjelpetelefon

Alle som vil snakke eller skrive om utfordringar i livet kan ta kontakt med Hjelpetelefonen. Dette er eit døgnope tilbod der ein kan snakke om enklare eller vanskelegare tema. Det er gratis å ringe 116 123.

Dei har også nettenesta sidetmedord.no.sidetmedord

Rustelefonen

RUStelefonen har ei anonym spørjeteneste kor du kan stille spørsmål om rus heile døgnet. Svara blir deretter lagt ut på heimesida. Der kan du også ringe 08588 eller sende sms anonymt.

Incesttelefonen

Incesttelefonen 800 57 000 er alltid open. Dette er ein landsdekkande telefon for incestutsette og seksuelt misbrukte. Det er gratis å ringe frå fasttelefon og Telenor-abonnement på mobil.

Les meir på Incesttelefonens heimesideLes mer på Incesttelefonens hjemmeside

DIXI

DIXI er eit ressurssenter for voldtatte. Telefon dit er 22 44 40 50, Mobil: 930 58 070. Dei kan enten hjelpe deg direkte eller gi deg god hjelp med å komme deg vidare.

Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap

Denne tenesta har telefonnummer 815 55 201, og blir driven i regi av Oslo Røde Kors Internasjonale Senter (ORKIS). Telefonen er open måndag til fredag mellom 9 og 16. E-post: info.tvangsekteskap@redcross.no.