Gå til toppen

Slik hjelper du ein venn

Når ein venn har det vanskeleg, kan du vere ein viktig person.

Viss du har lyst til å hjelpe til, kan det vere lurt å tenke litt på forhånd.

Her er nokre tips til kva du kan tenke gjennom:

  • Finn ein god stad å vere.
    Dette er ein stad som vennen din er trygg på. De kan for eksempel vere på rommet ditt eller hans/hennar, eller gå ein tur sammen. 
  • Korleis starte samtalen?
    Her er eit eksempel på korleis du kan starte: «Eg har sett at du ikkje har hatt det så greit på skolen i det siste. Eg har lyst til å hjelpe deg med dette viss du vil snakke om det.»  Det er også andre gode måtar å starte på. Finn det som passar for deg.
  • Ikkje fortell vidare det du får vite.
    Dette kaller vi å ha teieplikt (taushetsplikt). Det er viktig at vennen din kan stole på deg, og at du ikke fortel noko vidare til andre venner!
  • Kva viss de treng hjelp av andre?
    Viss noko handlar om veldig vanskelege ting, kan de trenge hjelp av ein vaksen. Tenk på kven du skal foreslå at de skal spørje . Dette kan være ei helsesøster, eller ein annan vaksen de stolar på.
  • Ikkje gi opp!
    Viss vennen ikkje fortel noko den første gongen du prøver å snakke om det, er det viktig for han/henne at du ikkje gir opp, men prøver igjen.
  • Bli med viss du kan.
    Viss vennen din må snakke med ein vaksen, er det alltid godt å ha deg med. Gi gjerne vennen din tilbod om å være med.

Viss de skal snakke med ein vaksen, kan de få hjelp til å planlegge samtalen.

Les tips om Den vanskelige samtalen med en voksenDen vanskelige samtalen med en voksen

De kan også prate med ei kontaktteneste for barn og ungdom.

Sjå oversikten over kontakttjenesteneSe oversikten over kontakttjenestene