Gå til toppen

Kva kan Barneombodet gjere?

Kva kan vi gjere for deg?

Alle barn og unge kan ta kontakt med Barneombodet. Vi kan svare på spørsmål om dine rettar og gi deg råd og tips. Det kan være spørsmål om skule, familien din, barnevern, helse, asylbarn sine rettar eller andre tema. Vi kan også gi deg informasjon om andre som kan hjelpe deg.

Kva kan vi ikkje hjelpe deg med?

Det er enkelte ting Barneombodet ikkje kan gjere for deg.

  • Vi kan ikkje gjere om på noko som har blitt bestemt av andre offentlege myndigheiter, som for eksempel barnevernet, skulen din eller domstolen. Men vi kan gi deg råd om korleis du skal gå fram viss du vil klage på det som er bestemt.
  • Vi kan ikkje blande oss inn i kranglar mellom foreldre om barna deira, eller konfliktar mellom foreldre og barn.

All den informasjonen vi får om korleis barn har det, kan vi bruke til å seie frå til myndigheitene om at dei må gjere endringar. Det kan være endringar i lover eller måten dei blir brukt på. Når vi gjer det, er det fordi vi meiner at barn sine rettar må bli tatt betre vare på.

Slik kjem du i kontakt med oss: