Stikkordarkiv: vald

Barneombodet på Grønland

Kvart år blir det arrangert eit stort møte for alle barneomboda i Norden. Det varar et par dagar, og dei diskuterar mange viktige ting som gjeld barn og unge. I år er dette møtet på Grønland frå 22. august.

146760303_0b9e6456f9_z 10570438385_8b72b19e3c_z

Grønland er verdas største øy og ligg langt nord. Grønland er ein del av Danmark, så dei snakkar dansk der og har danske pengar. Det bur ca 57 000 menneske på Grønland. Dei bur spreidde omkring og i små byar. Over 80 % av Grønland er dekka av is. Anne, som er barneombod i Norge, har reist dit saman med fagsjefen på kontoret, som heiter Camilla. Dei skal snakke med dei andre barneomboda om korleis det står til i dei forskjellige landa. I år skal det også være spesielt fokus på urbefolkningar og utfordringane deira. I Norge er samane ei urbefolkning. Det bur også mange samar i Sverige, Finland og Russland.

6235097194_553fcc5eae_z  150410999_a5e845957c_z

Anne og Camilla skal være på Grønland i ca ei veke. Barneombodsmøtet varar i tre dagar, og når det er ferdig, begynnar eit annet møte på Grønland som dei også skal være med på.

Dette møtet handlar om korleis ein kan hjelpe barn som har vore utsett for vald og overgrep. Dette møtet er ikkje berre for barneomboda, men også for personar som jobbar med barn og unge.