Stikkordarkiv: sjumilssteget

Sjumilssteget i Sogn og Fjordane

Vi har deltatt på Sjumilsstegskonferansen i Sogn og Fjordane.

Du kan sjå på facebooksida til konferansen her

Sjumilssteget er eit prosjekt frå Fylkesmannensom går ut på å hjelpe kommunar i Noreg til bli flinkare til å bruke barnekonvensjonen og høyre på barn og unge når dei skal bestemme ting i kommunen.  Du kan lese meir om Sjumilssteget her.

Barnekonvensjonen er viktig
Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og det er veldig viktig at barn og unge får være med å bestemme ting der dei bur.

Sjumilssteget begynte hos Fylkesmannen i Troms, og no sprer prosjektet seg til flere andre fylke i landet. Vi håpar at alle fylka i landet let barn og unge være med å bestemme! Visste du at det er 19 fylker og 429 kommunar i Noreg?

Alice Beate og Åsmund, som du ser på bildet, snakka om kor viktig det er for ungdom å bli høyrt. Alice er nestleiar i Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Her er facebooksida deira.

Kommunene må bli endå flinkare
Thomas frå kontoret vårt fekk snakke om medverknad og deltaking på konferansen. Han snakka også om retten til å bli høyrt. Retten til å bli høyrt betyr at du kan seie kva du meiner om ting som skjer der du bur. Det betyr også at dei som bestemmer skal høyre på deg før dei bestemmer ting.

– Alle kommunar kan og bør bruke barn og unge som ekspertar, det er dei som veit best korleis det er å være ung der dei bur, seier Thomas.

Vi har laga ei Eksperthandbok med råd og rettleiing om korleis ein kan bruke barn og unge som ekspertar.

Ordforklaring
*Fylkesmannen er ei dame eller ein mann som har ansvaret for å passe på at kommunane følgjer de lovane og reglane som gjeld der. Fylkesmannen er også eit kontor med rådgivarar som kan gi råd og rettleiing om korleis du skal gå fram viss du vil klage på at du ikkje får oppfylt dei rettane du har krav på. Det kan for eksempel være på skulen, i barnevernet eller i helsetenesta.