3. mars 2017

vold

Hei, eg var på butikken i dag men ein venn og han spurte meg om eg vilde sette meg ned i ei slags vogn som var for småongar. og eg sa ja for eg likar å tøyse litt med sanne barnslige ting. so sei kassa dama at eg må gå ut. so eg prøvde å gå ut men eg satt litt fast. so kjem det ein kunde forbi å spør strengt "hørte du ikkje ka ho sa"? eg svarte med jo men at eg sitter litt fast. so kneip han meg drit hardt i skuldra å slengte meg ned på golve å sa " start å oppfør dokke som folk å ikkje små dritongar. eg fekk veldig låkt i handa å skuldra å lure på om det går and å anmelde ditta for barne vold? og vist ikkje kva skal eg gjere med saka?

Hei, fint at du har skrive til Barneombodet.

Det er ikkje greit at ein vaksen tar tak i skuldra og sleng deg i golvet. Viss du ynskjer, kan du melde ein person til politiet for å ha benytta vald mot deg.

Vi vil råde deg til å snakke med ein vaksen fyrst, for eksempel foreldra dine eller ein annan du stoler på. Viss du bestem deg for å ikkje anmelde saka bør kanskje ein annan vaksen ta ein prat med mannen som gjorde dette mot deg. Det er ikkje greit å behandle ungar, eller andre folk, på den måten han gjorde.

Viss du melder mannen til politiet, må du være førebudd på at politiet, av ulike årsakar, likevel kan velje å ikke fylgje opp meldinga.

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv