26. mars 2018

Vil ikke bo hoss pappa

Eg vil ikke bo hoss pappa siden eg føler meg ikke så bra når eg bur her, eg får aldri besøk eller øvernating av venner, de er skjeldent eg får fere på øvernating og på besøk, men eg får følge veninden min heim avogtil med de er fordi me skal på trening ilag då, eg føler pappa og konen hans sperrer meg på en måte inne på mitt egent rom, han blir sur på meg veldig fort og kaller meg dritt og drittunge, og når eg skal pante flasker så blir eg ganske lei meg og flau siden eg tar berre opp øl bokser, mamma og pappa eg skilte så me er nokon veker hoss pappa og nokon hoss mamma, men kan ikke bu alle vekene hoss mamma siden hun har en jobb der hun må reise ut på plattformer, derfor vil eg ha en anna familie og bu hoss når mamma er ute på jobb

Hei, og takk for at du skriv til oss.

Alle barn skal føle seg trygge der dei bur. Vi forstår at du ikkje har det så bra dei vekene du du bor hos faren din. Ingen foreldre skal kalle barna sine dritt eller drittunge. Det er ikkje lov å snakke til barn på denne måten.

Det er viktig at du seier frå når sånt skjer. Du bør snakke med mammaen din om korleis du har det hos faren din.

Det kan hende at du og mammaen din kan trenge hjelp frå andre til å finne ut kva som skal til for å løyse problema du har med faren din.

Alle kommunar i Norge har noko som heiter familievernkontor. Det er eit kontor der det jobbar folk som kan mykje om det å vere ein familie. Dei kan gje råd til deg, og kostar ingenting. Du finn ei side med oversikt over familievernkontora her.

Du eller mammaen din kan også kontakte barnevernet. Barnevernet skal hjelpe barn som ikkje har det bra heime. Dei kan også gje råd til dykk og fortelje kva de kan gjere. Du finn meir om korleis du kan kontakte barnevernet her.

Om du synest det er vanskeleg å snakke med mammaen din, kan du snakke med ein annan voksen du stolar på. Det kan for eksempel vere helsesyster på skulen, ein lærar, ein far eller mor til ei venninne, eller kanskje ein annan i familien din som du stolar på. Dei kan hjelpe deg med å snakke med foreldra dine, og sette deg i kontakt med andre som kan hjelpe deg.

Vi håpar at det løyser seg!

Hilsen oss hos Barneombudet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Spørsmålsarkiv