4. september 2017

Vennen min

Eg har en bestevnn som eg elsker å vere med, men så er det det st ho gjør veldig mye gale, hu stjeler og har hatt sex med gutter fra alderen 16-18 og hu e bare 12, ho har vert mange gane hos politiet, ho røyker, snuser, og har fått meg til å prøve å stjele, men eg gjlr ikke det, men eg har liksom ikke lyst å bare slutte å vere med henne for eg vet at det er en grunn til alt dette og det er fordi moren har gjort mye domt og, noen tips?

Hei, og takk for at du skriv til oss.

Du er ein god ven som ikkje vil gi opp venninna di sjølv om ho gjer mykje rart. Vi er glad for at du skriv til oss og ber om råd.

Fleire av dei tinga venninna di gjer høyrest ikkje så lure ut. Ofte er det ein grunn til at barn og unge gjer slike ting som å stjele, røyke eller ha sex når ein er berre 12 år. Det kan for eksempel vera at ting heime ikkje er så bra, eller at ho har opplevd noko anna som er veldig vanskeleg. Vi kan ikkje svare på kvifor venninna gjer slike ting, men vi trur ho treng hjelp og støtte. Det er monge som kan hjelpa, men dei må veta at ho, eller familien, trenger hjelp.

Vi trur at venninna di treng nokon å snakke med. Du kan forsøke å snakke med henne om det. Det aller beste er å få hjelp av ein vaksen som ddykkar stoler på. Ein slik voksen kan vere mora di, ein tante, ein lærar eller helsesyster på skulen.

Det kan vera vanskeleg for venninna di å snakka med nokon ansikt til ansikt. Kanskje det kan vera lettare å ringe eller å chatte? Du kan snakke med venninna di om at ho kan snakka med flinke vaksne som ho kan stole på både på Alarmtelefonen for born og unge 116 111, og hos Hjelpetelefonen 116 123. Begge plassar jobbar det folk ho kan stole på, og som er van med å snakke med ungdommar som har det vanskeleg.

Det er kanskje ikkje så lett å snakka samen om slike ting med det same. Kanskje du må forsøke fleire gonger, kanskje blir ho sint på deg for at du blandar deg. Då må du forsøke å forklara at du gjer det fordi du liker ho og bryr deg om ho.

Dersom venninna di eller familien hennar treng hjelp er det viktig at nokon viser at dei bryr seg. Du verkar som ei jente som bryr deg om venninna di. Det er veldig bra. Men det er ikkje alltid så lett å vera ein hjelpar. Kanskje er venninna di redd for at andre skal få veta om ting ho har opplevd. Vi håpar du kan be ein voksen om hjelp.

Helsing frå oss i Barneombodet

Spørsmålsarkiv