6. februar 2017

Taushetsplikt

Visst du seier noko til helsesøster og ho anbefaler å si det til foreldra mine og eg ikkje vil, kan ho si det då til foreldra mine uten min samtykke?

Hei,

Takk for spørsmålet ditt.

Fram til du er 16 år har foreldra dine krav på informasjon.

Det betyr ikkje at dei må ha informasjon kvar gong du har vore hos helsesøster. Helsesøster skal godta at du ikkje ønskjer å fortelle alt til foreldra dine, men noen gonger kan ho meine at det er nødvendig å si frå likevel.

Døme på når helsesøster kan snakke med foreldra dine utan ditt samtykke, er når helsesøster:

  • meiner foreldra dine trenger informasjon for å vite korleis helsa di er.
  • meiner foreldra dine trenger informasjon for å kunne ta vare på deg.
  • meiner det er best for deg.

Helsesøster har i tillegg plikt til å informere foreldra dine dersom det er snakk om meir alvorlege psykiske plagar, til dømes:

  • sjølvskading
  • bruk av ulovlige rusmidlar
  • fysiske skader på grunn av kriminelle handlingar

Du kan lese meir om teieplikt for helsepersonell her.

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv