7. august 2018

Søskenkrangel

Små søskena mine på 6 og 9 krangler masse. Eg blir lei meg spesielt når dei slår kvarandre dei gjer det hardt. Eg seier dei skal slutte men dei gjer slik at eg blir lei meg. Eg liker ikkje at dei slår kvarandre.

Hei, så fint at du skriv til oss om dette.

Dei fleste søsken kranglar, og dette er heilt vanleg. Men det er aldri lov å bruke vald mot andre, heller ikkje mot søsken. Eksempel på vald kan vere å slå, plage eller mobbe. Det er derfor ikkje greitt at søskena dine slår kvarandre hardt, og vi skjøner godt at du ikkje liker dette og blir lei deg. Det at søsken er valdelege mot kvarandre er ikkje bra for verken barnet som slår eller barnet som blir slått. Søsken skal behandle kvarandre med respekt, og det er ikkje greitt å ha dårlegare grensar for søsken enn andre.

Foreldre har ansvar for å gje barna sine god omsorg, og for å beskytte barna mot å bli utsett for vald heime. Det betyr mellom anna at foreldra dine har eit ansvar for å passe på at søskena dine ikkje slår kvarandre. Det er derfor viktig at du snakkar med foreldra dine om kranglinga, så dei kan hjelpe til med å løyse dette.

Dersom du synast det er vanskeleg å snakke med foreldra dine, eller det ikkje hjelper, kan du også snakke med andre vaksne. Du kan til dømes ta kontakt med helsesyster på skolen, Helsestasjonen for ungdom i kommunen der de bor, eller med barnevernet.

På nettsida til ung.no kan du finne meir informasjon om søskenkrangel, som kanskje kan vere nyttig for deg.

Vi håper du får snakka med nokon, og at det løyser seg! Skriv gjerne til oss igjen om du har fleire spørsmål.

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv