11. september 2017

SNAPCHAT

i løpet av det siste året har eg blitt spurt om nakenbilder av flere gutter på skulen og synes det er ubehageleg nokre gonger har eg også blitt truet.
Kva skal eg gjøre!?

Hei! Så fint at du skriv til oss om dette. Det er bra at du ikkje lar deg presse til å gjere noko du ikkje sjølv vil.

Barneombodet anbefaler ikkje ungdommar å dele nakenbilete av seg sjølv på nett og sosiale media. Det et ikkje mogeleg å kontrollere kvar eit bilete vert lagra, og det kan lett verte misbrukt både no og i framtida.

Du skriv òg at du har vorte truga og pressa til å dele bilete. Dette er ikkje greitt. Faktisk er det ulovleg. Trugsmål og trakassering er forbode i Norge og det er ekstra ille at nokon trugar ein person under den seksuelle lågalderen til å dele nakenbilete av seg sjølv.

Du bør seie frå om det som skjer til ein vaksen som du stolar på. Foreldra dine kan hjelpe deg, og vi anbefaler deg å snakke med dei. Mange ungdommar synes det er vanskeleg å snakke med forelda sine om dette. Då kan helsesyster på skulen hjelpe deg. Du kan òg snakke med ein lærer eller kontakte politiet på telefon 02800.

Viss presset og trugslane skjer på skulen og kanskje andre jenter i klassen opplever det same, er det viktig at skulen veit om det og kan stanse gutane. Du har rett til eit trygt skulemiljø utan denne typen trugsmål og press.

Viss du ikkje vil seie frå sjølv, kan du ringe oss på telefon 22 99 39 50 og seie namnet på skulen din og kva trinn gutane som truger går på, så kan vi seie frå til skulen for deg, og du kan framleis vere anonym.

Vi håper dette svaret hjelper deg og at du slepp press og trugsmål i framtida.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv