10. august 2018

Slafsing når eg eter

Broren min på 9 seier eg slavser når eg eter. Han held seg for øyra og seier veldig skarpt hysj til meg. Eg har regulering på tennene pappa seier det er grunnen og at han skal snakke med broren min om det men han har aldri gjort det. Han sliter psykisk og må ofte til psykolog derfor gløymer han det trur eg.
Eg blir lei meg.

Hei, så fint at du skriv til oss om dette.

Vi skjønar at du blir lei deg, og at det er viktig for deg at nokon kan snakke med broren din. Vi skjønar også at du kan bli lei deg av at faren din ikkje følgjer opp og gjer det han seier han skal gjere.

Du skriv ikkje noko om mora di, men er det mogeleg at ho snakkar med broren din? Om ikkje mora di kan gjere det, kan det vere lurt å spørje ein annan vaksen du stoler på om kva du kan gjere når faren din ikkje kan følgje opp fordi han slit psykisk. Du kan til dømes snakke med helsesyster på skulen din, eller ein annan vaksen i din familie.

Du kan også ta kontakt med Røde Kors-telefonen for barn og unge. Her jobbar det menneske som er veldig flinke til å snakke med barn om det meste, og som kanskje kan hjelpe deg om du vil. Du treng ikkje å fortelje kven du er, og det er heilt gratis. Her finn du informasjon om korleis du kan kontakte dem.

Vi håper du får hjelp til å løyse dette. Hvis ikkje det løyser seg, eller du har fleire spørsmål, må du gjerne skrive til oss igjen.

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv