2. november 2018

Skule

Kvifor treng me å lærere Tysk, Spansk eller Fransk. Er det ikkje nok å berre lære Engelsk, det verdens globale språket?

Tema: Skole

Hei!

På skulen skal du læra mange ulike ting. Det er først når du blir eldre at du kan spesialisera deg meir.

Kan hende treng du aldri å bruka noko anna språk enn norsk og engelsk. Men verda blir mindre og mindre – du kjem til å treffa andre folk, og det er skikkeleg kjekt å kunne prata med dei du møter. Og kanskje får du ein dag ein jobb der du treng å forstå andre språk.

Dersom du syntes det er vanskeleg, så be om litt ekstra hjelp, eller forsøk å sjå ein film eller fire kor dei snakkar det språket du skal læra.

Lykke til!

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv