9. august 2018

Skolebytte

Hei
Eg er ein gut på 14 år. Eg har det bra på skulen og bur i ein storby. Eg skal starta i 10 klasse til sommaren. Eg har tenkt lenge nå, på å gå heilt til jul på skulen eg går på nå, så har eg lyst til å flytte til andre sia av landet til ei bygd for å gå på skulen der siste halvåret i 10 klasse. Eg lurar på om det ikkje er så smart å bytta skule det siste halvåret i 10, og når eg flyttar tilbake til byen etter eit halvt år, har eg dei sama rettigheitane for å begynna på vidaregåande skule der som dei som bur i byen?

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Det er ofte ikkje så lurt å byte skule det siste halvåret i 10.klasse. Grunnen til det er at mange av standpunktkarakterane setjast på 10.trinn. Læraren set ofte karakterane på grunnlag av det du har vist gjennom heile året. Om du ikkje har gått på same skule heile året, vil læraren ha dårlegare grunnlag for vurdering, og det kan bli vanskeleg å setje riktige karakterar.

Skulane kan òg ha organisert undervisninga gjennom året ulikt. Du kan derfor risikere å ikkje få den undervisninga du skal ha i alle fag, og få undervisning i det same fleire gonger.

Standpunktkarakterane bruker du også til å søkje deg inn på vidaregåande opplæring. Å byte skule midt i 10.trinn kan derfor få betydning for kva vidaregåande skule du kjem inn på. Det beste er derfor å gå heile 10.klasse på same skule.

Om du skal flytte heimanfrå for å gå på skule før du har fylt 18 år, må foreldra dine også vere einige i det. Det er fordi foreldra dine har ansvaret for deg til du er 18 år. Du kan derfor ikkje flytte heimanfrå utan at dei synast det er greitt.

Når du skal søkje på vidaregåande skule, er hovudregelen at du skal søkje og få tilbod om skuleplass i det fylket du bur. Vi anbefaler deg å ta kontakt med rådgjevar på skulen din for meir informasjon om inntak til vidaregåande skule. Du kan lese meir om dette på vilbli.no.

Vi ønskjer deg lykke til vidare!

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv