12. mai 2017

Sexualitet

Hei. Eg og kjærasten min (jente) har kjempelyst å ha sex. Går vi lov til det eller er det forbutt?

Hei,

Den seksuelle lågalderen i Noreg er 16 år. Det betyr at ein ikkje har lov til å ha sex når ein er under 16 år. Dette er fordi ein meiner at ungdom må være modne nok før dei har sex.

Denne regelen er veldig viktig når nokon som er eldre og meir moden vil ha sex med nokon som er yngre og mindre moden. Da kan det være vanskeleg å seie nei. Det er litt annleis når to som er like gamle snakkar om det, og avtaler å ha sex fordi dei begge ønsker det. Men likevel er det altså ikkje lov å ha sex når ein er 14 år.

Vi synes dykk skal ta kontakt med helsestasjon for ungdom. Dei kan meir om dette enn oss, og snakkar med ungdom om slike ting hele tida.

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv