23. mai 2018

Overgrep

Hei!
Eg lurer på om kva eg skal gjere viss ein venn forteller at ho/han opplever overgrep ol og eg lover og halde på hemiligheten?

Tema: Vold

Hei,

Takk for at du skriv til oss.

Det finns gode og vonde hemmelegheiter. Gode hemmelegheiter kan ein halde på, mens dei vonde er det viktig å dele med ein vaksen.

Du kan hjelpe vennen din med å snakke om det med ein vaksen de stoler på. Det kan være ein lærar, helsesyster på skulen, eller ein av foreldra dine. Det kan vere at vennen din ikkje vil seie det til nokon sjølv, og heller ikkje vil at du skal seie det, – men ein må seie ifrå om de skal få hjelp til å stansa overgrepa.

Du eller vennen din kan óg ringe Alarmtelefonen for barn og unge på 116111. Det er gratis å ringe til Alarmtelefonen, og de treng ikkje seie namnet dykkar.

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv