4. oktober 2017

Mobil i skuletida

Hei. Eg fer på skule kvar dag, å eg vert bedt å legge telefonen min i ein kasse som dei passar på til skuleslutten, men det er ikkje det som er problemet . Problemet er att viss du ikkje leverer inn telefonen å dei ser att du har den då gir dei deg automatisk nedsatt i orden og åtferd. Har dei nåken rett på å gjere det viss dei såg deg med telefon i skuletida? Og er det egentlig nødvendig å levere inn telefonen på starten av dagen når du ikkje fårstyrra nåke som helst?

Hei,

Takk for spørsmålet!

Dette er det så mange som lurar på at vi har laga ei eiga temaside om det. Den finn du her.

Skulen har lov til å ha reglar om mobilbruk. Men slike reglar må stå i ordensreglementet. At du vert sett direkte ned i orden og åtferd for å ha vorte «teken» med mobiltelefonen éin gong, høyrest ut som ei for streng straff sett i samanheng med reglementsbrotet du har gjort. Å setje deg ned i karakter er ein av dei strengaste reaksjonane ein skule har, og skal frå skulen si side berre brukast på dei grovaste reglementsbrota. Så vert det ei anna sak viss du bryt reglementet gong på gong. Då må skulen kunne vurdere karakteren din.

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv